Etter framføring av over 80 ulike sceneinnslag, gjekk juryen til sluttmøtet sitt søndag kveld. No er det endeleg klart kven av ungdomane som får syne seg fram på landsmønstringa saman med ungdom frå heile landet.
- Les også: Her kan du sjå og dele alt frå UKM
- Les også: Juryen har ein nådelaus jobb
- Les også: Slik er livet bak scena på UKM
Stor variasjon
– Det har vore heilt fantastisk å få oppleve all den supre ungdomen frå Sogn og Fjordane. Dei har imponert, rørt, engasjert og underhaldt oss i to innhaldsrike dagar, seier juryleiar Ingebjørg Nomeland. Ho hadde også med seg Guro Haugen, Marie Mjåseth og Erik Henden Aaraas i juryen i år.
Dei fem sceneinnslaga som går vidare til landsmønstring er:
Sofia Hyttedalen (14 år) med den eigenkomponerte songen Fog, frå Gloppen.
Vil du dele videoen med Sofia Hyttedalen - Klikk her!
- Les også: Ho imponerte og gjekk vidare
Iver, Halvor, Håvard og Oliver med sangen Jailhouse Rock, frå Bremanger. Halvor Nesbakk (17 år) vokal, Iver Senneset (16 år) gitar, Håvard Lågeide (16 år) bass og Oliver Igland (17 år) slagverk.
Vil du dele videoen med Iver, Halvor, Håvard og Oliver - Klikk her!
Ingrid og Malene med dans til sangen Sail av Awolnation, frå Gloppen. Ingrid Johansen ( 16 år) og Malene Solheim (15 år).
Vil du dele videoen med Malene - Klikk her!
- Les også:
Firda Crew med sangen Feeling good, frå Gulen. Camilla Haveland (17år) vokalist, Halvor Nesbak (16 år) piano, Håvard Lågeide(16år) bass, Oliver Igland (17år) trommer og Sindre Steig (17 år)blåseinstrument.
Vil du dele videoen med Firda Crew - Klikk her!
Tore Lødøen(16 år) på trommer med Ragga Twins, frå Hornindal.
Vil du dele videoen med Tore Lødøen - Klikk her!
Film til landsmønstring
Det vart også sendt vidare ein film frå UKM i Sogn og Fjordane. Dette vart Jonathan Hofslundsengen sin film Slaget ved Fimreite, frå Sogndal.
- Les også:
Kunst til landsmønstring
Blant kunstverka var det følgande som juryen sende vidare til landsmønstring:
- Bildeserien «Money makes the world go´round» og «I`m lovin´it» av 13 AM / Anton Behme ( 14 år), frå Flora.
- Den illustrerte forteljinga «Reisen til planeten Kjeks» av Daniel Moen (18 år), frå Høyanger.
- Fotografiet «Empty» av Silje Larsen (16 år) frå Årdal.
- Skulpturen «UGLE» av Knut Isdal Lindstrøm (14 år) frå Lærdal.
Kunstjuryen, som var samansett av Dagrun Reiakvam og Maria Hjelmeland, seier at utstillinga syner ei bredde i utrykk innanfor visuellkunsten, måleri, teikning, skulptur, foto og kunsthandtverk i form av sølvkunst og treskjering. Dei meiner dette lovar godt for rekrutteringa til feltet
- Les også:
- Les også:
- Les også:
- Les også:
- Les også:
- Les også:
Her kan du sjå alle innslaga når du vil: