– I går klarte eg ikkje å spele i det heile. I dag fekk eg Ibux-salve, og heldigvis gjekk det fint, seier Bjørnar Oppedal (12) frå Gulen.
Kanonball
Ei veke før fylkesmønstringa forstua han fingeren i kanonball på skulen. Mor Solfrid Vatle Oppedal erkjenner at dei har vore litt nervøse, og er letta over at det gjekk så bra.
Oppedal har spelt piano i 5–6 år, og det er andre gong han er med på UKM. I år er det litt ekstra spennande ettersom han har moglegheit til å kome vidare. Stykket er «Rondo alle turca» av sjølvaste Mozart.
– Eg begynte på den i fjor, men har øvd mykje meir i det siste.
Han synest det er kjekt å vere tilbake på UKM.
– Eg har allereie møtt att nokre eg vart kjend med i fjor, fortel 12-åringen.
(Artikkelen held fram under videoen.)
Heile søskenflokken
Oppedal har to eldre systrer som også speler piano. Sjølv fekk han valet mellom piano og gitar, og då var valet enkelt.
Forutan Mozart nemner han Yann Thiersen, bl.a. kjend for filmmusikken til «Den fabelaktige Amelie frå Montmartre» som ein komponist han likar.
– Systera mi spelte ein del av han, så eg fekk lyst til å prøve.
No når spelinga er unnagjort skal han slappe av og sjå dei andre frå Gulen opptre.
– Eg håpar å kome vidare, men eg trur ikkje det er så sannsynleg.