Hopp til innhold

Sofia imponerte alle på UKM

Ikkje berre er låtane til 14-åringen sjølvkomponerte, dei er også sjølvproduserte. Laurdag ettermiddag fekk publikum oppleve henne live på fylkesmønstringa i UKM.

UKM Sogn og Fjordane

SJÅ VIDEO: Sofia Hyttedalen framfører låten «Fog» under UKM i Førdehuset.

– Vi har studio i kjellaren, og der har det vorte mange timar, seier Sofia Hyttedalen (14) frå Gloppen.

Ho deltek for andre gong på fylkesmønstringa. Låten heiter «Fog» og er ein av fleire ho har skrive sjølv og produsert sjølv.

– Låten handlar om korleis livet av og til kan bli skurrete og usikkert – tåke i livet, rett og slett!

Starta som 7-åring

Med to musikalske foreldre var musikk eit naturleg val for Hyttedalen, som starta med piano i på kulturskulen 7-årsalderen, og etter kvart song. Ho har i fleire år skrive eigne låtar, og etter at faren bygde musikkstudio i kjellaren har ho også produsert musikk.

– Eg brukar eit program som heiter Logic. Det er ganske proft, med mange synthar, seier ho.

Ho nemner Emilie Nicolas, Siri Nilsen og Aurora som artistar som inspirerer ho.

– Dei er jo veldig ulike som artistar, men eg skriv også ganske variert musikk. Det kjem an på om eg komponerer med piano eller i studio. Det eg skriv med piano som utgangspunkt vert ofte rolegare, det andre meir dansbart.

Vil satse på musikken

Planen er musikklinja, og kanskje også å satse på musikk vidare.

– Akkurat no er har eg veldig lyst på ei karriere innan musikk, men det kan jo endre seg, seier Hyttedalen.

I dag håpar ho å kome vidare til landsmønstringa.

– Men det er veldig mange flinke her, så konkurransen er hard! seier Hyttedalen, som skal vidare til Sandane for å opptre på endå ein konsert.

Sofia Hyttedalen

SATSAR PÅ MUSIKK: Sofia Hyttedalen (14) frå Gloppen.

Foto: Signe Fuglesteg Luksengard / NRK