Ein viktig del av Ungdomens Kulturmønstring er kunstutstillinga. Ungdom frå heile fylket deltok med ei stor og variert utstilling av kunst. Her kunne ein oppleve måleri, fotografi, installasjonar, byggverk, bunadskunst og mykje meir.
- Les også: Desse går vidare til landsmønstringa i UKM
- Les også: Her kan du sjå og dele alt frå scena på UKM
- Les også: Slik var livet bak scena på UKM
Imponerte juryen
Skulpturen «UGLE» (t.v) er laga av Knut Isdal Lindstrøm (14 år) frå Lærdal, og blir sendt vidare til landsmønstringa i UKM.
Foto: Signe Fuglesteg Luksengard / NRKJuryen var fotograf Dagrun Reiakvam og glasblåsar og biletkunstnar Maria Hjelmeland.
-Vi er imponerte over breidden. Vi var også begeistra for fleire av verka til dei mellom 10 og 13, men desse er diverre for unge til å bli sendt vidare, seier Reiakvam. Dei som juryen sende vidare meiner dei at syner mangfaldet i teknikkar og tema, og er gode representantar for fylket.
Dette er kunstverka som blir synt fram under landsmønstringa i sommar:
- Bildeserien «Money makes the world go´round» og «I`m lovin´it» av 13 AM / Anton Behme ( 14 år), frå Flora.
- illustrerte forteljinga «Reisen til planeten Kjeks» av Daniel Moen (18 år), frå Høyanger.
- Fotografiet «Empty» av Silje Larsen (16 år) frå Årdal.
- Skulpturen «UGLE» av Knut Isdal Lindstrøm (14 år) frå Lærdal.
- Alle desse kunstverka lovar godt for rekrutteringa til feltet, sa Dagrun Reiakvam i kunstjuryen etter at dei hadde bestemt seg for kven som går vidare til landsmønstringa.