– Det er betre enn ingenting, fortel Stella Birthe Poland (13).
HOLLENDAR: Stella Birthe Poland nekta å gi opp harpespelet då familien flytta frå Nederland til Nordfjord.
Foto: Signe Fuglesteg Luksengard / NRKJenta frå Stryn er faktisk den einaste i Sogn og Fjordane som speler harpe.
– På musikkskulen i Nederland hadde vi noko som heitte musikkorientering, der vi fekk prøve ei rekke instrument før vi valde eitt. Eg synest harpe var kjekkast.
Ho fortel at det var mange reaksjonar på instrumentvalet då ho kom til Stryn.
– Det var mange som vart veldig forundra. Somme visste ikkje ein gong kva for eit instrument dette var!
Sidan ho kom har det vorte mange framsyningar. Og no er det andre gongen på UKM, men første gong på fylkesmønstringa.
– Det er veldig kjekt å vere her.
SJÅ VIDEO: Stella Birthe Poland sitt sceneinnslag under UKM i Førdehuset.