Hopp til innhold

Den mest uheldige fotballspelaren i Noreg?

AVALDSNES (NRK): Aldri har den unge fotballspelaren fullført ein einaste sesong for Sogndal utan å skade seg. Nok ein gong er Bjørn Inge Utvik sett ut av spel, denne gongen med ankelbrot.

Bjørn Inge Utvik

NY GIPS: Bjørn Inge Utvik ligg med foten høgt på sofaen heime i Haugesund etter nok ei skade på fotballbana.

Foto: Thomas Halleland / NRK

– Det er blytungt å stå opp om morgonen å vite at du ikkje kjem deg på fotballbana, seier Bjørn Inge Utvik.

På fire år har Utvik hatt hjerneristingar sju gonger. I 2015 sleit han med eit kne og i fjor måtte han operere ei skade i lysken. Han hadde nettopp komme seg tilbake på banen då han braut ankelen fem minutt ut i ein kamp mot Haugesund.

– Det er tungt

Utvik har seks veker med gips på foten framfor seg før han må gjennom ei opptreningsfase for å bli speleklar. Og dét rett etter han endeleg var i gang igjen.

– Det er ekstra tungt at det skjer akkurat no når eg nettopp har komme meg tilbake, seier han.

Eliteserien fotball 2017: Tromsø - Sogndal.

HJELM: Utvik har spelt kampane denne sesongen med hjelm for å hindre nye hovudskadar. Her ligg han nede under eliteseriekamp mellom Tromsø og Sogndal på Alfheim stadion.

Foto: Audun Braastad / NTB scanpix

Utvik trur mange av skadane heng saman med den spelestilen han har.

– Eg er veldig ofrande og hoppar kanskje inn i nokre dumme situasjonar. Eg reddar ein del poeng og mål på den måten eg spelar på, så det kjem eg ikkje til å slutte med, seier Utvik.

Skal reise seg igjen

Sjølv om han ikkje har fått fullført nokon sesongar for Sogndal enno er han likevel nøgd med å snart ha 100 kampar bak seg. Og han er fast bestemt på å komme seg ut på fotballbanen igjen så snart som mogleg.

Eliteserien fotball 2017: FK Haugesund - Sogndal.

ANKELBROT: Her blir Bjørn Inge Utvik frakta av banen etter å ha brote ankelen fem minutt ut i kampen mot Haugesund.

Foto: Jan Kåre Ness / NTB scanpix

– Fotball er det artigaste eg driv med, så eg skal legge ned den innsatsen det krevst for å komme tilbake allereie i år, seier han.

Utvik byrjar å bli vant til å bli sett ut av spel og trur han kan dra nytte av å ha vore gjennom slike smellar før.

– Så lenge eg greier å komme meg tilbake, trur eg at eg blir sterkare mentalt og klarar å takle motgangane som lag og som spelar på ein betre måte, seier han.