NRK Meny
Normal

Tilbake frå lyskeskade - braut ankelen

HAUGESUND (NRK): Bjørn Inge Utvik var akkurat byrja å komme i form etter lyskeoperasjonen i fjor haust. Mot Haugesund braut han ankelen.

Eliteserien fotball 2017: FK Haugesund - Sogndal.

SKADD: Midstoppar Bjørn Inge Utvik vart boren av bana med brot i ankelen i kampen mot Haugesund.

Foto: Jan Kåre Ness / NTB scanpix

Utvik har hatt sju hjerneristingar på fire år i Sogndal og fekk haustsesongen i fjor spolert av ein lyskeskade som han opererte i november .

I dag braut han ankelen mot gamle lagkameratar og kan bu seg på nye månader på sidelinja.

– Dette er utruleg tungt. Eg har akkurat kome meg i form etter lyskeoperasjonen i vinter, og følte at kroppen var veldig bra dei første kampane av sesongen. Så det er ein hard ting å få i trynet no, seier Bjørn Inge Utvik til NRK.

– Eg blir ute ei stund no, men eg skal reise meg og komme utruleg sterkt tilbake, legg han til.

Laster innhold, vennligst vent..

Vårsesongen spolert

Fysioterapeut Trond Vegard Ripe seier at dei søndag kveld ikkje har full oversikt over skaden.

– Vi har fått tilbakemelding om brotet ser fint ut, men vi veit ikkje noko meir før vi får sett på bileta i morgon tidleg. Det som er sikkert, er at vårsesongen er over for Bjørn Inge, seier Ripe.

Eirik Bakke

SKADELISTE: Skadelista til Eirik Bakke er byrja å bli lang med langtidsskadde spelarar.

Foto: Aleksander Båtnes / NRK

Frå før hadde trenar Eirik Bakke Ole Amund Sveen, Christophe Psyché, kaptein Henrik Furebotn og Eirik Bergum Skaasheim på skadelista. Etter 0-0 på Haugalandet må Bakke på nytt klare seg utan Utvik.

Kampen var fem minuttar gamal då Utvik sitt namn kom på Eirik Bakke si stadig lengre skadeliste.

– Det er eit skår i gleda det med Bjørn Inge. Det betyr at han blir ute ei stund han også. Eg tykkjer synd i han. No byrjar det å tynnast ut også. No må Fredriksten stå over, seier Bakke og siktar til debutant Ulrik Fredriksen som vart utvist kvarteret før slutt.

Har fleire unge

Sogndal heldt nullen for første gang i år, og det med eit sjeldan ungt midtstopparpar i eliteserien. Fredriksen (17) og Per-Magnus Steiring (20) gir ein snittalder på 18 år.

Med den lange skadelista må Bakke bu seg på å sleppe fleire unggutar til framover.

– Vi må stå saman og jobbe hardt. Vi har vore i ein slik situasjon før, men det er ein ekstrem situasjon med så mange alvorlege skader. Den offerviljen og «blø-for-drakta»-mentaliteten vi viser i dag, det varmar eit sogndalhjarte, seier han.

Vegopning på Bergum i Førde kommune