Hopp til innhold

Slik skal Utvik bli kvitt hjerneristingane

Sju hjerneristingar på fire år er status for Sogndal-spelar Bjørn Inge Utvik (21). No håpar han at ein heilhjelm skal stoppa problemet.

Bjørn Inge Utvik med ny hjelm

NYTT VÅPEN: Denne veka har Bjørn Inge Utvik tatt i bruk denne hjelmen på trening. Til helga skal han få tatt mål til ein spesialtilpassa hjelm på ein klinikk i Bergen.

Foto: Sigrid Skjerdal / NRK

Bjørn Inge Utvik viser fram sin nye hjelm.

VISER FRAM: Bjørn Inge Utvik viser fram hjelmen han skal bruke kommande sesong.

Foto: Sigrid Skjerdal / NRK

– Eg tok den først i bruk på treninga måndag, og den sit veldig bra, seier Bjørn Inge Utvik til NRK.

Dei siste fire sesongane har ungguten hatt sju hjerneristingar. Den siste kom i treningskampen mot kviterussiske Shakhtyor, 6. mars i år. Måndag var han tilbake på treningsfeltet.

Slit enno

Hovudskadar i fotballen kan vere karrieretrugande. Det veit tidlegare Vålerenga-spelar André Muri alt om. Etter eit spark i hovudet i ein eliteseriekamp i 2014 måtte han legge opp, og gjekk ut med det offentleg året etter.

– Tida etter at eg la opp har vore betre, men eg har framleis dagar der eg er redusert, seier Muri.

Andre Muri takka av på Ullevaal

TAKKA AV: Andrè Muri måtte legge opp etter alle hovudskadane. Her takker han Vålerenga-fansen på Ullevaal etter at han kunngjorde karrierepunktummet.

Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB scanpix

I 2012, 2013 og 2014 pådrog han seg hjerneristingar, i tillegg til smellar i hovudet tidlegare i karrieren.

– Då eg var i starten av 20-åra visste ein lite om slike skadar og vi tok ei vekes pause etter ein smell før vi var på bana att. No er det meir kunnskap, og mitt råd er at spelarar som får slike smellar må rådføra seg med medisinsk personell og passa på å ikkje bli for ivrige etter å kome på bana att, oppfordrar Muri.

Arsenal's Petr Cech

HJELM: Arsenal-keeper Petr Cech er ein av fleire spelarar som må bruka hjelm.

Foto: Phil Noble / Reuters

Fleire profilerte fotballspelarar har spelt med liknande hjelm, blant anna Arsenal-keeper Petr Cech. Han må spela med hjelm grunna eit kraniebrot under ein Premier League-kamp i 2006.

Tar det på alvor

Hjerneristingar har prega fotballkarrieren til Utvik, og no tar han det meir på alvor.

– Eg tar det meir innover meg no. I byrjinga tenkte eg ikkje så mykje på det, men no tar det lengre tid å bli bra att. Eg har eit liv eg skal leva og forhåpentlegvis nokre år att på fotballbana, seier Utvik om grunnen til at hjelmen no kjem på plass.

Bjørn Inge Utvik med panneband

«PANNEBAND»: I fjor spelte Bjørn Inge Utvik med panneband, men passformen likte han dårleg. No håpar han heilhjelmen skal løyse det.

Foto: Christian Blom / NTB scanpix

For det har tatt lengre tid å bli heilt frisk att for kvar smell han har fått. Men han fryktar ikkje at fotballkarrieren skal ta ein brå slutt.

– Nei, det gjer eg ikkje. Men det går inn på meg at det er farleg, og at eg må ta det på alvor, seier U-21-landslagsspelaren.

Til helga skal han på bana att, for første gong sidan den siste hovudskaden. Kampen går mot Brann i Bergen, og det er ikkje berre fotball som står på timeplanen til Utvik.

– Hjelmen eg har fått no er ein standard type. I Bergen skal eg på ein klinikk og få skanna hovudet og få ein som er tilpassa mitt hovud, seier han.