Flem forsvann medan han og to tilsette frå Melås Helse AS gjekk tur ved Haukåsen i Sogndal.
Flem blei aldri funnen, trass i at det vart sett inn store ressursar i fleire omgangar etter at han forsvann.
No har Melås Helse AS fått ei bot på 600 000 kroner, det skriv BT.
Melås Helse AS hadde ansvar for å passe Christer Fretheim Flem som var funksjonshemma og hadde den sjeldne diagnosen Angelmans syndrom. Selskapet hadde oppretta eit butiltak for Flem på Kaupanger i Sogndal kommune.
Fekk kritikk
Flem var heimebuande i Årdal kommune, og difor var det desse som hadde ansvar for han. Også kommunen fekk kritikk av Fylkesmannen etter forsvinninga.
På grunn av diagnosen til Flem var det til ei kvar tid to personar som passa på han. Det var også to personar med han då han forsvann for to år sidan.
Skal avslutte saka
– Vi har fått ei føretaksbot og vi har valt å godta den, sjølv om vi ikkje er heilt samde i det som står i grunnlaget. Vi aksepterer og legg hendinga bak oss, seier Per Steinar Melås.
Han seier dei ikkje veit om det er endeleg slutt på saka, og meiner den er tragisk nok som det er.
Per Steinar Melås uttaler seg på vegner av Melås Helse AS i denne saka, men jobbar ikkje i selskapet.