– Ei gruppe på seks personar frå ein institusjon har vore på tur på Haukåsen i Sogndal. Ein mann i 30-åra er komen bort frå turfølget. Han er kledd i shorts og joggesko, og er ikkje i stand til å ta vare på seg sjølv, opplyser operasjonsleiar Inge Værøy ved Vest politidistrikt i Sogn og Fjordane.
Ein større leiteaksjon er sett i gang. Politi, redningshelikopter, og mannskap frå brannvesenet, Røde Kors, Norske Redningshunder og Sivilforsvaret deltek i søket som føregår i turområdet vest for Sogndal lufthamn.
– Om lag 20 personar er involverte i søket. Vi vil halde fram utover natta, seier Værøy til NRK klokka 23.35.
Politiet fekk melding klokka 20.30. I 22-tida var mannskap på veg ut i terrenget frå parkeringsplassen ved Sogndal lufthamn.
Eit Sea King-helikopteret frå Florø er på plass og driv søk frå lufta. Det er fint vêr i området.
Klokka 00.08 opplyser politiet at den sakna enno ikkje er funnen.