Hopp til innhold

Politiet: – Det er sjølvsagt synd at vi ikkje leita i eit enda større område

SOGNDAL (NRK): Fleire hundre leita etter Christer Fretheim Flem i eit enormt areal på Haukåsen i Sogndal. Men staden levningane blei funne denne veka ligg utanfor leiteområdet.

Leitemannskap på Haukåsen og Christer Fretheim Flem.

BRATT LENDE: Mannskap frå Røde Kors tok seg tysdag ned den bratte lita på Haukåsen der det blei funne levningar denne veka. Det er all grunn til å tru at det er Christer Fretheim Flem som no er funne.

Foto: Sogndal Røde Kors / privat

– Det er lett å vere etterpåklok. Det er sjølvsagt synd at vi ikkje leita i eit enda større område, seier politisjef i Sogn og Fjordane, Arne Johannessen.

Han var regionlensmann i Sogn då Christer Fretheim Flem (37) forsvann 9. mai 2016.

Då var han på tur med to pleiarar frå Melås Helse i fjellområdet sør for Sogndal. Saka skaka lokalsamfunnet, alle leitemannskapa og politiet.

Tysdag denne veka fann ein person levningar som politiet reknar som heilt sannsynleg er den forsvunne Christer.

Funnstad

– Ei enorm lette

Funnstaden er fleire kilometer i luftlinje frå staden der han sist blei sett og det var heilt tilfeldig at ein mann skulle utføre eit arbeid i det svært bratte terrenget.

– Det blei leita i eit svært område. Mykje av det er flott skogsområde med turstiar og sykkelstiar. Men i området funnet blei gjort er det veldig ulendt og vanskeleg å ta seg fram, fortel Arne Johannessen til NRK.

Han legg ikkje skjul på at sterke kjensler kom fram hos han og mange andre då det blei kjend at mest truleg er levningane etter Christer som no er funne.

– Det er ei enorm lette for alle som har vore involvert, ikkje minst når vi tenker på familien som har venta i fire år på eit svar.

Arne Johannessen, politisjef i Sogn og Fjordane.

LETTA: Arne Johannessen fortel om ein av dei største leiteaksjonane i hans tid i politiet.

Foto: Ragnhild Myklemyr / NRK

Selskapet fekk bot

Forsvinninga blei etterforska breitt då Christer forsvann.

Men kva som er årsaka til at han forsvann frå pleiarane sine og til slutt hamna i det bratte terrenget, er det ingen som veit.

Melås Helse, som hadde ansvaret for Christer, fekk til slutt ei bot på 600.000 kroner for å ikkje ha gitt forsvarleg helsehjelp.

Christer hadde Angelmanns syndrom, ein tilstand som gjorde at han var på eit lågt funksjonsnivå mentalt. Men han var svært sterk og sprek.

– Med funnet som er gjort er det ein del brikker som fell på plass. Vi har sendt ein del ting analyse, seier Arne Johannessen.

– Godt for dei pårørande

Han vil ikkje gå djupare inn i kva nye etterforskingssteg som politiet no skal ta, men utelukkar ikkje nye avhøyr i saka.

– Dette er ein av dei største leiteaksjonane som har vore i Sogn. Difor er det mange som tenker at funnet er ei veldig viktig avklaring.

Svært mange var med på leitinga etter Christer i dagane, vekene og månadane etter at han forsvann. Ein av dei var områdeleiar i Røde Kors, Ove Fortun.

– Eg tenkjer at det må vere veldig godt for dei pårørande. Det gjer godt i hjarta at vi får eit svar, seier Fortun.