NRK Meny
Normal

Christer (37) fekk ikkje forsvarleg helseteneste

Melås Helse braut lova på fleire punkt då funksjonshemma Christer Fretheim Flem (37) forsvann under ein tur ved Kaupanger i mai i fjor.

Leitar etter Christer

SAKNA: Christer Fretheim Flem kom aldri til rette etter turen til Haukåsen i Sogndal i mai i fjor.

Foto: Privat

Fylkesmannen oppretta tilsynssak mot Melås Helse AS, som hadde ansvar for Fretheim Flem sine helse- og omsorgstenester då han forsvann under ein tur ved Haukåsen i fjor.

Konklusjonen er at 37-åringen, som var fødd med Angelmans syndrom, fekk uforsvarleg helse- og omsorgsteneste.

Assisterande fylkeslege, Linda Svori, seier at Fylkesmannen i hovudsak har sett på verksemda si organisering og styring.

– Vi har difor kome fram til at det ikkje er riktig å vurdere kvar enkelt omsorgspersonell, skriv Svori på Fylkesmannen sine nettsider.

Bergens Tidende melde tysdag kveld om den ferske tilsynsrapporten som avdekkjer. Mellom anna skal fylkesmannen ha funne at avstanden var for stor mellom personale og Fretheim Flem då han forsvann .

Elveleiting Haukåsen i Sogndal

LEITEAKSJON: Det vart gjennomført fleire søk etter sakna Christer Fretheim Flem.

Foto: Privat

Vidare var verksemda sin praksis for turaktivitetar grovt uforsvarleg.

– Fylkesmannen meiner at vi som privat omsorgsgivar ikkje har handla i tråd med prosedyrar eller forskrifter. Då må eg berre seie det som det er: At Fylkesmannen har rett, seier Per Steinar Melås til avisa.

Fylkesmannen opna også tilsyn mot Årdal kommune, heimkommunen til mannen. Kommunen har ansvar for å sikre innbyggjarane forsvarlege helse- og omsorgstenester og skal følgje opp om brukarar får forsvarlege tenester.

I desember konkluderte fylkesmannen med at kommunen ikkje hadde rutinar eller styring som sikra at dei hadde dokumentasjon på at mannen fekk forsvarlege helse- og omsorgstenester.

Kommunen har meldt tilbake korleis dei følgjer opp pålegga frå Fylkesmannen.

I ei pressemelding sendt ut tysdag ettermiddag skriv Melås Helse at dei beklagar det tragiske utfallet og lovar tiltak etter Fylkesmannen sin kritikk. Melås Helse skriv også i pressemeldinga at dei vil iverksette nødvendige tiltak og imøtekomme alle krav frå Fylkesmannen.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.