Hopp til innhold

Ber nye vitne melde seg for å finne ut kva som skjedde med Christer

Politiet snur kvar stein for å prøve å finne ut kva som hende då Christer Fretheim Flem forsvann sporlaust. No har dei gjort nye avhøyr i saka og ber nye vitne melde seg.

Leitar etter Christer

SAKNA: 37 år gamle Christer Fretheim Flem forsvann i mai i 2016.

Foto: Privat

37-åringen forsvann i 9. mai i fjor i samband med ein tur til Haukåsen i Sogndal. Trass i omfattande leiting har det ikkje vorte gjort funn av den funksjonshemma mannen, som var på tur med to pleiarar då han forsvann på Haukåsen i Sogndal i mai 2016.

Politiet har sett av to personar som jobbar med å gå igjennom etterforskingsmaterialet i samband med forsvinningssaka.

– Blant anna går dei gjennom teledata, for å sjå om vi kan finne personar som har vore i området men som vi ikkje kjenner til. I tillegg har vi den siste veka også gjennomført ein del avhøyr og samtalar med einskildpersonar, seier Johannesen.

Etterlyste syklist og bilførar

Politiet håpa lenge at dei to nye vitna, som politiet vart kjende med gjennom TV-2 programmet Åsted Norge, skulle kunne kaste nytt lys over forsvinninga.

Vi kom ganske tidleg i kontakt med syklisten som vi etterlyste , og nyleg fekk kontakt med bilføraren. Diverre hadde ingen av dei noko verdifull ny informasjon å kome med, seier Johannessen.

Syklist og bilist i forsvinningssaka på Haukåsen.

NY ETTERFORSKING: Politiet fekk tidlegare i haust video av to personar som dei håpa kunna ha informasjon om den eitt år gamle forsvinninga til Christer Fretheim Flem (37).

Foto: PRIVAT

Ikkje nye søk enno

I løpet av november reknar politiet med å vere ferdige med den nye gjennomgangen av forsvinningssaka. I denne omgang er det ikkje aktuelt med nye søk i området der Christer Fretheim Flem forsvann i mai i fjor.

Arne Johannessen, ny einingsleiar for Sogn og Fjordane i Vest politidistrikt.

UNDERSØKER TELEDATA: Politisjef Sogn og Fjordane Arne Johannessen.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

– Per no så er det ikkje aktuelt. Vi har leita og søkt svært godt gjennom området, så det er ikkje tema no. Det som er jobben vår no er å gå gjennom heile etterforskinga frå A til Å. Eg vil enno ein gong nytte høvet til å be eventuelle vitne, som vi ikkje har snakka med, om å ta kontakt, seier Johannessen.