Hopp til innhold

Bryggjaværingane vil ut av kommunen

Bryggjaværingane bryt med dagens Vågsøy og vil inn i nye Stad kommune. Det syner ei innbyggarundersøking Fylkesmannen har bestilt.

Folkemøte Bryggja

MISNØYE: Det har vore sterke protestar på Bryggja mot ulike vedtak i Vågsøy kommune.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

– Eit klart fleirtal av innbyggarane på Bryggja er positive til å bli ein del av Stad kommune, seier Fylkesmannen.

Fylkesmannen har gjennomført ei innbygarhøyring etter at Bryggja bygdeutviklingslag sende søknad om grensejustering. Over 200 underskrifter med krav om grensejustering var blitt samla inn.

Debatten om kor Bryggja skal høyre heime skaut fart etter at skulen i bygda vart foreslått nedlagt i eit budsjettvedtak. Deretter har Eid og Selje slått seg saman til Stad, medan Flora og Vågsøy skal bli til Kinn kommune.

Har gjennomført innbyggarhøyring

I vår sette Fylkesmannen i sving utgreiingsarbeidet for å finne ut kva kommune Bryggja bør høyre til. Oppdraget har blitt gitt til Telemarksforsking.

195 personar av dei som vart oppringte under innbyggarhøyringa svarte, og dette gir ein svarprosent på 65.

– Undersøkinga viser at 79 % er positive til å bli ein del av Stad kommune, og at 84 % er negative til å bli ein del av Kinn kommune. Ut frå spreiinga på skalaen som er nytta, er det ein relativt stor del som er tydelege på kva dei meiner. 52 % er svært positive til å bli ein del av Stad, medan 61 % er svært negative til å bli ein del av Kinn, skriv Fylkesmannen på si nettside.

Flest pendlar til Vågsøy

Øystein Hessevik

SENDTE SØKNAD: Øysten Hessevik leiar Bryggja bygdeutviklingslag.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

Elles viser undersøkinga at 55 % jobbar i Vågsøy kommune, 24 % pendlar til Eid. Det er relativt stor handel utanfor kommunen mellom dei som bur på Bryggja, 49 % handlar utanfor kommunen kvar veke eller oftare. 90 % av dei som handlar utanfor kommunen handlar vanlegvis i Eid.

Bruken av kommunale tenester og kultur- og fritidstilbod som ikkje skjer i Vågsøy kommune, skjer også i all hovudsak i Eid.

Skal levere rapport

Det er Fylkesmannen i Sogn og Fjordane som skal levere ei tilråding til Kommunal. og moderniseringsdepartementet i midten av november.

– Fylkesmannen ventar ytterlegare faktagrunnlag om Bryggja i rapporten som Telemarksforsking skal levere 25. august. Denne rapporten gjeld oppdraget som KMD har gitt Fylkesmannen om ein nærare gjennomgang av kommunestrukturen for Vågsøy, Bremanger og Flora. Etter det vil Fylkesmannen utarbeide ein førebels rapport om Bryggja som blir send til dei involverte kommunane på høyring i september/oktober, skriv Fylkesmannen.

Vågsøy vil halde på Bryggja

I Vågsøy har protestane vore sterke mot grensejustering. Vågsøy kommune har frårådd ei slik justering, medan kommunane Eid og Selje har sagt ja til at Bryggja kan bli med i Stad.