Hopp til innhold

Vel 90 elevar mistar skulen sin

MÅLØY (NRK): Bryggja og Holvik skular skal leggast ned, det bestemte kommunestyret i Vågsøy i dag.

Tilskodarar Vågsøy kommunestyre

ENGASJEMENT: Folk frå ulike politiske leirar hadde teke plass i kommunestyret i dag, men motstandarane av nedlegging var i klart fleirtal.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

Arbeidarpartiet, Høgre og Venstre sikra fleirtal for å legge ned skulane i Hovik og Bryggja. Dermed må nær 90 born bytte skule frå skulestart 2018.

Fleirtalet for skulenedlegging kom til etter at Arbeidarpartiet i Vågsøy denne veka

Kristin Maurstad

BLIR SKULDA FOR LØFTEBROT: Ordførar Kristin Maurstad (Ap) vart ordførar etter at Ap skreiv under på å ikkje legge ned grendeskular. No er avtalen broten.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

bestemte seg for å bryte avtalen dei inngjekk med Senterpartiet, Framstegspartiet, Raudt og Tverrpolitisk liste etter valet i fjor haust. Då fekk Ap ordførarvervet mot at ingen skular skulle leggast ned.

Elevane ved dei to skulane skal overførast til Skram Skole i Måløy og Skavøypoll skule på fastlandet.

Det er den vanskelege økonomiske situasjonen som gjer at skulane vert nedlagt. Kommunen har hatt ei innsparingsutfordring på nær 20 millionar kroner. Kommunen kom dårlegast ut av alle i Sogn og Fjordane i framlegget til statsbudsjett.

Kring 75 personar tok plass som tilhøyrarar i salen, Dei fleste med kvite t-skjorter med teksten "En avtale er ei avtale".

Einar Midtbø frå Tverrpolitisk liste meiner at Bryggja skule sitt opptaksområde kan bli endra i framtida.

– Eid og Selje kan kome til å slå seg saman. Då vil Vågsøy kommune bli supplert etter kvart. Skulekrinsane kan bli endra som følgje av ei slik kommunesamanslåing, saka bør derfor utsetjast, sa han.

– Vanskeleg avgjerd

– Dette er inga enkel avgjerd, sa Elisabeth Elliott (H).

Høgre har i fleire rundar meint at å legge ned dei to skulane har vore naudsynt for

Morten Hagen

MISTA ORDFØRARVERVET: Morten Hagen fekk flest røyster i kommunevalet i Vågsøy, men tapte ordførarstolen etter at Ap lova til Raudt, Frp, Sp og Tverrpolitisk liste at dei ville frede skulane. No blir skulane lagt ned likevel.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

å få eit ansvarleg budsjett. No ser det ut til at fleirtalet er sikra. Men saka må handsamast i kommunestyret til våren igjen fordi det krevst eigne prosessar for å formelt legge ned skular.

– Så har vi stor forståing for at eit slikt vedtak set kjensler i sving. Vi skal jobbe for at borna skal få eit godt tilbod ved Skram og Skavøypoll, sa Elliott.

Holvik skule

NEDLEGGINGSTRUGA: Holvik skule i Vågsøy ser ut til å bli lagt ned. Endeleg vedtak kjem til våren.

Foto: Cosmin Cosma / NRK

Trugsmålet om å legge ned to skular har skapt stor temperatur i kommunen. Derfor prega "debatten om debatten" kommunestyret. Både Elliot og Geir Oldeide refsa debattantar i sosiale medium for usaklege personangrep.

Geir Oldeide frå Raudt var også sterkt kritisk til nedlegging.

– For ein julepresang til Vågsøy si befolkning, for born og foreldre. Dette er ein sorgas dag for Vågsøy kommune. Dei tre partia som no har funne saman, har nok funne saman for resten av perioden, sa Oldeide.

Varaordførar Nils Myklebust (Sp) var rett og slett bedrøva etter at avtalen vart broten.

– Dette er eit grunnleggande tillitsbrot. Den tilliten vi hadde til dykk er ikkje noko verdt i dag, sa han til Arbeidarpartiet.