Hopp til innhold

Bryggja kan forlate Vågsøy

Skulekamp kan føre til at Bryggja vil bli del av den nye kommunen Eid-Selje.

Bryggja utspel

KRAFTIG UTSPEL: Bygda Bryggja i Vågsøy kan bli ein del av den nye kommunen Eid-Selje.

Søndag denne veka skal bryggjaværingane ha folkemøte om ein skal forlate Vågsøy og gå over til den nye kommunen Eid-Selje. Håpet er å legge ein plan for å berge skulen. Kommunestyret i Vågsøy vedtok før jul at dei vil legge ned skulen i bygda.

– Vi har lyst til å lodde stemninga for kva vi skal gjere framover, skulen er meir enn berre ein skule, seier leiar i bygdeutviklingslaget Øystein Hessevik.

Større tilknyting mot Eid

Eid og Selje er i ferd med å bli samde om ei intensjonsavtale om kommunesamanslåing, der Nordfjordeid er kommunesenter.

Øystein Hessevik

ARRANGERER MØTE: Leiar i Bryggja utviklingslag, Øystein Hessevik.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

Vågsøy er invitert med i forhandlingane, men er ikkje samde i premissane og har bestemt seg for å ikkje delta. Øystein Hessevik meiner det passar godt for Bryggja no å ta ei avgjerd om kommunetilknyting.

– Det er eit ganske greitt tidspunkt, det er ganske mange bryggjaværingar som har ei større tilknyting innover mot Nordfjordeid, enn utover mot Måløy.

Hessevik legg ikkje skjul på at sidan framtida til skulen er sett i spel, så er det ekstra aktuelt å vurdere kommunebyte:

– Det er på ein måte det siste vi har att i bygda, tidlegare var det ei rekkje offentlege og private tilbod. Det er Gate 1 som er fokuset i Måløy, det er mi personlege meining, seier Hessevik.

I fylgje SSB har grunnkrinsane Totland, Bryggja og Maurstad 543 innbyggarar.

– Ingenting å tape

Hessevik seier det er sterk stemning i utviklingslaget og i foreldreutvalet i skulen for å behalde skulen, derfor er framtida til skulen eit anna viktig tema på folkemøtet.

– Vi har ingenting å tape lenger om skulen ryk, seier Hessevik.

– Tenk over konsekvensane

Ordførar i Vågsøy Kristin Maurstad (Ap) er sjølv busett på Bryggja. Ho vart kjend med møtet i går kveld då bygdelaget la ut innkalling på Facebook.

– No skal bygda få ha møtet sitt, og eg vil ikkje forskottere noko, men eg håpar dei tenker over alle konsekvensane.

Kristin Maurstad

TAP: Ordførar i Vågsøy, Kristin Maurstad (Ap), meiner det vil vere eit tap for Vågsøy om Brygga går ut.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

Maurstad har ikkje tenkt over endå om ho skal vere til stades på møtet, men seier det vil vere eit tap for Vågsøy om Bryggja skifter kommune. Til våren kjem endeleg avgjerd om Bryggja skule og Holvik skule i Vågsøy skal leggast ned slik det vart vedteke i budsjettet før jul.

– Vi startar på prosessen med skulebruksplan ved månadsskiftet, og det skal gjerast på ein skikkeleg måte, men økonomien til kommunen endrar seg ikkje av den grunn. Det er kortare til Måløy både når det gjeld ungdomsskule, legetenester og sjukeheim enn det er til Nordfjordeid, seier Maurstad.