Hopp til innhold

Brukte siste minutta før samanslåing på å provosere partifelle

Det siste Førde Ap gjorde før samanslåing med partifellane i Naustdal, var å gå i mot det største næringslivsprosjektet i nabokommunen.

Håkon Myrvang og Helge Robert Midtbø

I SAME LOKALLAG: Nyvald leiar i Sunnfjord Arbeiderparti, Helge Robert Midtbø og styremedlem Håkon Myrvang er usamde om fjorddeponi, men skal no lage felles partiprogram.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

– Vi kan ikkje diktere Førde Arbeiderparti, men vi var ikkje begeistra for denne fråsegna, seier Ap-ordførar i Naustdal, Håkon Myrvang.

Myrvang er oppgitt over at partifellane i nabokommunen nok ein gong viste sin motstand mot fjorddeponiet knytt til gruvedrifta i Engebøfjellet.

– Vi har eit veldig godt samarbeid, så det kom uventa og overraskande. Det var ei veldig skarp fråsegn med omsyn til intensjonsavtalen, og det reagerer vi veldig på, seier Myrvang.

I fråsegna til Førde Ap heiter det mellom anna at «Regjeringa sitt innvilga utsleppsløyve for deponering av gruveavfall i Førdefjorden må vurderast på nytt.».

Fjorddeponi splittar partiet

Gruveplanane til Nordic Mining i Engebøfjellet har vore omstridde, særleg på grunn av planane om å lagre overskotsmassar i fjorden. Førde Ap og Naustdal Ap har hatt ulikt syn på prosjektet, og Førde Ap let ikkje sjansen gå frå seg til å markere dette, på sitt siste møte som eige lokallag.

– Her er det to partilag som gjekk til val med to utgangspunkt knytt til fjorddeponi. Førde Ap var klart i mot at vi skulle ha fjorddeponi, Naustdal Ap gjekk andre vegen, seier Helge Robert Midtbø, tidlegare leiar i Førde Ap.

På tampen av 2017 vart det klart at fjorddeponiet kan bli mindre enn venta.

– Kor lurt var det å gjere dette vedtaket?

– Det er jo litt av politikkens vesen at ein ikkje nødvendigvis er einige om alt. Arbeiderpartiet har ambisjonar om å gjere eit godt val i Sunnfjord. Å bli samde om eit godt partiprogram blir ei viktig oppgåve for det nye partilaget, seier Midtbø, nyvald leiar i Sunnfjord Ap.

Håkon Myrvang

VIL SKULERE PARTIFELLAR: – Vi skal bygge vidare på industriprosjektet, bruke den kunnskapen som finnes og informere politikarane i Førde om kva som ligg i dette prosjektet. Det er viktig å god kunnskap i botnen når vi no jobbar vidare, seier Ap-ordførar Håkon Myrvang i Naustdal.

Foto: Oddleif Løset / NRK

– Det blir inga reversering

Myrvang reagerte på fråsegna til Førde Ap med eit lesarinnlegg. Der påpeikar ordføraren at intensjonsavtalen mellom dei fire Sunnfjordkommunane ikkje opnar for endring.

– Dei juridisk bindande avtalane som kvar enkelt kommune har, er bindande også i den nye kommunen. Det blir ikkje noko reversering av saka, seier Myrvang.

Det er venta at gruvedrifta vil gje over 100 arbeidsplassar og vere det skal vere nok malm i Engebøfjellet til at selskapet kan drive lønsam gruvedrift i 29 år.

– Vi er einige om at vi vil ha mineralutvinning og at her er verdiar i massane som vi skal jobbe for å få brukt mest mogleg, og helst alt, påpeikar Midtbø.

Leiaren i Sunnfjord Ap held samstundes fast på sitt standpunkt.

– Mi rolle blir at vi skal prøve å bli einige og lage eit felles program, men mitt syn på fjorddeponi er ikkje endra.