Hopp til innhold

Fjorddeponiet kan bli mindre enn venta

NAUSTDAL (NRK): Gruveselskapet Nordic Mining meiner no at det er mykje mindre gruveavfall som skal dumpast i Førdefjorden enn det dei tidlegare har meint.

Ålasundet og ytre deler av Førdefjorden

MINDRE OMFATTANDE: Nordic Mining fortel at massane som skal verte lagra i Førdefjorden blir mindre enn dei før har trudd.

Foto: Jens Kristian Bjørkedal / Privat

– Vi vil utnytte meir av malmressursane enn vi har trudd. Det har rett og slett å gjere med at vi no har meir kunnskap om kva som ligg i fjellet, seier administrerande direktør i Nordic Mining Ivar Fossum.

Den nye kunnskapen har selskapet fått etter at dei i 2016 hadde omfattande prøveboringar i Engebøfjellet for å vinne ut kva som var i fjellet.

Prøveboringane vart i byrjinga stogga av aktivistar, men Fossum meiner at prøvetakinga er grunnlaget for at ein no kan seie at det blir behov for eit mindre fjorddeponi.

– Vi har kome fram til at vi ikkje berre vil bruke rutilet som vi tek ut, men også granat. Dei to minerala vil understøtte kvarandre, og skape endå betre økonomi i prosjektet, seier Fossum.

Når ein utnyttar meir av malmen ein tek ut, er det også mindre avfall som ligg att, og som må lagrast i fjorden.

Ivar Fossum i Nordic Mining

NØGD: Ivar Fossum i Nordic Mining er nøgd med resultatet frå prøveboringa.

Foto: Oddmund Haugen / NRK

Ikkje fornøgd før dei skrotar planane om fjorddeponi

Lars Haltbrekken var tidlegare leiar av Naturvernforbundet, og sit no på Stortinget for SV. Han har lenge vore ein av dei store kritikarane av planane om fjorddeponi i Førdefjorden, og han er ikkje fornøgd med nyheitene som gruveselskapet no kjem med.

Lars Haltbrekken

KRITISK: Lars Haltbrekken er framleis kritisk til gruveplanane på Engebø.

Foto: NRK

– Vi vil bevare Førdefjorden som ein rein og frisk fjord også for framtida. Då meiner vi at ein ikkje kan lagre gruveavfall i fjorden i det heile teke, seier Haltbrekken.

Politikaren meiner likevel at dette syner at han har hatt rett heile tida.

Gunnar Osland og politikarar i Sunnfjord

VART ORIENTERT: Politikarane i Sunnfjord vart i dag orientert om stoda til prosjektet til Nordic Mining.

Foto: Oddmund Haugen / NRK

– Vi har argumentert for at ein burde ha ei avgift på gruveavfall, slik at det lønna seg for Nordic Mining å utnytte avfallet, i staden for å dumpe det. Dette syner jo at vi har hatt rett i det.

Aksjonerer på Engebøfjellet

DEMONSTRERTE: Gruveaksjonistar demonstrerte under prøveboringa på Engebøfjellet.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

Nærare enn nokon gong

Nordic Mining meiner sjølv at dei no er ganske nære å kunne kome i gang med etableringa av gruvedrift på Engebø. Selskapet hevdar at ein no har god dokumentasjon på at det er mogleg å ta ut malm ifrå Engebøfjellet, og ikkje minst at det er økonomisk forsvarleg å byggje eit stort anlegg i Førdefjorden.

– Vi er no i ferd med å bevege oss frå å vere eit prosjekt, til å byggje ein langsiktig eksportindustri som skal bli ei hjørnesteinsbedrift i Naustdal, seier Fossum.