Hopp til innhold

Dette er verdien på Engebøfjellet

Ein ny studie viser at gruveprosjektet til Nordic Mining i Engebøfjellet i Naustdal er verdt 2,7 milliardar kroner i dagens marknad.

Gryta og Engebøfjellet

Engebøfjellet: Nordic Mining reknar med at det er nok malm i dette fjellet til at gruva skal ha ei levetid på 29 år.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Summen er den eigarane vil sitje igen med etter at alle kostnader med bygging og drift er betalte.

Prøveboring i Engebøfjellet

PRØVEBORING: I haust vart det gjennomført nye prøveboringar på Engebøfjellet. Då vart det teke ut 100 tonn med steinprøver.

Foto: Kaia Johnsen Viki / NRK

Engebøfjellet har blant verdas største førekomstar av minerala rutil og granat, som selskapet ønskjer å starte utvinning av alt frå 2019. Rutil vert brukt i pigment- og metallproduksjon, medan granat vert brukt til slipe- og skjæreformål i industrien.

Kort veg til Europa

– Studien er positiv og konkluderer med at prosjektet kan utviklast til industriell produksjon med god lønsemd, skriv konsernsjef i Nordic Mining, Ivar S. Fossum, i ei pressemelding.

Ivar Fossum i rettsalen

FORNØGD: Konsernsjef i Nordic Mining, Ivar S. Fossum.

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

Fossum seier studien konkluderer med at ressursane i Engebøfjellet eignar seg godt til industriell produksjon med kort avstand til marknadane i Europa.

– Med to mineral i ei same gruve har anlegget ein unik fleksibilitet og mogelegheiter for tilpassing av produksjonen. Dette gir eit godt grunnlag for kommersiell drift, seier han.

Reduserte kostnader

Studien fastslår at det er nok malm i Engebøfjellet til at selskapet kan drive lønsam gruvedrift i 29 år. Dei 16 første åra skal metalla utvinnast frå eit dagbrot. Kostnaden med å byggje gruve- og produksjonsanlegget har fått ein prislapp på 1,7 milliardar kroner, noko som er vesentleg mindre enn kva tidlegare kalkylar har konkludert med.

Fossum seier prosjektet no er eit stort steg nærare realisering.

– Studien er viktig dokumentasjon på at vi har kome eit langt steg lenger i å vise at vi kan gjere prosjektet til langsiktig eksportindustri. Den dokumenterer at vi kan skape robust verksemd basert på malmen i Engebøfjellet, seier han til NRK.

Skal skaffe pengar

No ventar arbeidet med endå ei ny studie som skal gi det endelege grunnlaget for å få med seg nok investorar i prosjektet.

– No skal lage ein studie til der vi skal lage endå meir nøyaktige kalkylar som gjer at prosjektet kan bli lånbart. Det betyr at vi kan setje saman ein fornuftig finansieringspakke som gjer at vi kan bygge anlegget. Vi kjem til å jobbe parallelt med finansieringa av prosjektet, forklarar Fossum til NRK.

Planane om gruvedrift i Engebøfjellet er omstridde. Ikkje minst har løyvet til å dumpe gruveavfall i Førdefjorden skapt mykje støy. For snart to år sidan aksjonerte Natur og ungdom med å lenke seg fast til anleggsmaskinene til Nordic Mining då selskapet dreiv prøveboring på fjellet.