Hopp til innhold

Gruveselskap nekta Frid å filme møte

Ekspertar meiner gruveselskap braut prinsippet om openheit då filmstudentar blei stansa i døra.

Frid Hildridatter Brox

FØRDEFJORDEN: Filmstudent Frid Brox er skuffa og oppgitt etter ho vart nekta å filme under eit gruvemøte i Vevring. Filmen er ei skuleoppgåve og er i utgangspunktet berre til intern bruk.

Foto: Privat

Tre filmstudentar måtte legge frå seg kamerautstyret på utsida før dei fekk komme inn på eit møte om Engebø-prosjektet på Vevring skule torsdag kveld.

Møtearrangøren Nordic Mining viste til at det var eit «privat arrangement» og at filminga ville vere til sjenanse for deltakarane.

Vi er veldig skuffa, seier filmregissør Frid Brox (24), som er student ved Den norske tv-skolen på Lillehammer.

Saman med fotograf Are Botnevik (21) og lydansvarleg Emma Løvstad (20) lager ho ein kortdokumentar om gruveplanen ved Førdefjorden.

Det prinsipielle spørsmålet er om «informasjonsmøtet» var av lukka eller offentleg karakter, eller noko midt i mellom.

Sjå leigeavtalen og invitasjonen under.

Gruveselskap nektet studenter å filme informasjonsmøte

Fra korrespondansen mellom filmskaperne og Nordic Mining (Tone Løtuft).

Gruveselskap nektet studenter å filme informasjonsmøte

Nordic mining argumenterer med at det dreier seg om et privat arrangement for inviterte naboer.

Gruveselskap nektet studenter å filme informasjonsmøte

Leieavtalen med kommunen inneholder ingen klausuler om kamerabruk.

Viser dårleg dømmekraft

NRK har vore i kontakt med fleire ekspertar som meiner saka juridisk sett er i «grenseland» ettersom møtet gjekk føre seg på ein offentleg eid skole.

Andre gjer eit ikkje-juridisk poeng av at selskapet bør spele med opnare kort av omdømmeomsyn.

Eg meiner studentane openbert bør kunne filme her, seier Reidun Kjelling Nybø, som er generalsekretær i Norsk redaktørforeining.

Dette er ikkje berre eit juridiske spørsmål, men handlar om haldninga til openheit. Og her viser dei verkeleg dårleg dømmekraft.

Nordic Mining, Engebø prosjektet

Det politiske slaget om deponering i Førdefjorden har gått føre seg sidan 2006, og fekk ei foreløpig avklaring da Naturvernforbundet tapte «fjordsøksmålet» i januar. Dei har sidan varsla at dei ankar dommen.

Foto: Preben Nedreberg Holmøy / NRK

Nordic Mining skriv i eit tilsvar til NRK at dei ynskjer å vere opne, men at eit kamera i rommet kunne hemma samtalen og gjort deltakarane mindre frimodige.

Dei legg til at filmstudentane kom til møtet «saman med rundt 10 personar, som vi reknar som medlem av naturvernorganisasjonar» og at «åtferda deira bar meir preg av aktivisme enn eit ønske om å lage ein objektiv dokumentar».

Filmstudentane avviser at dei kom i følge med andre. Dei forklarar at dei kom ti minuttar før møtet, «som dei fleste andre», og at dei påståtte «aktivistane» var der i kraft av å vere naboar til prosjektet.

Sjå tilsvaret frå begge lengre ned.

Emma Løvstad

Lydansvarleg Emma Løvstad

Are Botnevik

Fotograf Are Botnevik

Frid Hildridatter Brox

Regissør Frid Hildridatter Brox

Ingen mediestrategisk fulltreffar for selskapet

– Når selskapet held eit informasjonsmøte for naboar av prosjektet, må det reknast som eit offentleg møte. Det bekreftar jo selskapet sjølv ved å sleppe inn studentar som ikkje er naboar, seier Trygve Aas Olsen ved Institutt for Journalistikk (IJ).

Tarjei Bekkedal er professor ved det juridiske fakultetet i Bergen.

Han meiner saka er «i grenseland», men at studentane «i utgangspunktet har tilgang til å filme arrangementet» så lenge dei «dokumenterer» og ikkje «forstyrrar» møtet.

Sjå fleire reaksjonar under.

Jon Wessel-Aas
NTB

Jon Wessel-Aas

– Når det offentlege låner ut lokala sine – skolen – til eit slikt møte, kviler det etter mitt syn eit ansvar på kommunen for å stille som krav at arrangøren ikkje avgrensar ytringsfridommen slik. Grunnlova § 100 oppstiller (i sjette ledd) ei plikt for offentlege myndigheiter til å legge forholda til rette for ein open og opplyst offentleg samtale.

Trygve Aas Olsen
Sturlason / Kagge forlag

Trygve Aas Olsen

– Når selskapet held eit informasjonsmøte for naboar av prosjektet må det reknast som eit offentleg møte. Selskapet kan neppe pålegge deltakarane teieplikt, og da kan dei også fritt fortelje om kva som skjedde på møtet. At nokon tar opp video er berre ein måte å fortelje på. Saka lèt etter seg eit inntrykk av at selskapet er redd for offentlegheit omkring verksemda si. Det er aldri bra for eit selskap, og viser berre kor viktig det er å vere open om det ein held på med.

Tarjei Bekkedal
Eva Dobos

Tarjei Bekkedal

– I utgangspunktet har filmstudentane tilgang til å filme arrangementet. Spørsmålet er i staden om dei kan nektast tilgang, eller om det kan settast vilkår for tilgangen. Hovudregelen er at arrangøren kan regulere tilgangen til private arrangement på privat område. Her er vi litt i grenseland, men eg trur ytringsfridommen vil vere til hinder for å nekte studentane tilgang til eit folkemøte i ein offentleg bygning når arrangementet har offentleg interesse. Men studentane må dokumentere, ikkje forstyrre møtet.

Tarjei Leer-Salvesen
Kat Gade

Tarjei Leer-Salvesen

– Spørsmålet denne saka reiser handlar om meir enn juss. Det handlar også om haldningar. Viss eit gruveselskap som står framfor store naturinngrep kjenner behov for å stenge ute studentar med filmkamera, sender dei eit skremmande signal om kva slags aktør dei planlegg å vere i samfunnet.

Professor ved Universitetet i Oslo, Eivind Smith, er blant dei fremste autoritetane i landet på offentleg rett.

Han meiner Nordic Mining juridisk sett har sitt på det tørre, men at dei bommar på det vesentlege:

Det kan ha vore eit privat arrangement sjølv om det var i eit skolelokale. Men uansett var vel ikkje dette nokon mediestrategisk fulltreffar for selskapet.

Les også Miljørørsla ankar Førdefjord-dommen

Nordic Mining, Engebø prosjektet

Høg terskel for krenking av privatlivets fred

Ekspert på innsynsrett, Tarjei Leer-Salvesen, seier til NRK at det er opp til dei som dokumenterer – ikkje arrangøren – å ta omsyn til kva som kan vere til sjenanse for gjestene.

Dette dreier seg om eit møte på ein skole. Alt taler for at det skal vere mogleg å filme det som skjer, seier han.

Vevring skole

Vevring skule torsdag kveld. Møtearrangøren Nordic Mining meiner det var eit privat arrangement og at filminga ville forstyrre publikum. Ekspertar svarer at møtet per definisjon var offentleg og at det er publisisten – ikkje arrangøren – sin jobb å ta omsyn til publikums blygskap.

Foto: NRK