Hopp til innhold

Godkjenner dumping av gruveavfall i Førdefjorden

EFTA sitt overvakingsorgan, ESA, gir Nordic Mining grønt lys til å dumpe gruveavfall i Førdefjorden.

Førdefjorden ved Vevring

ÅSTADEN: Nordic Mining har fått løyve til gruvedrift og til å sleppe ut avfall i Førdefjorden i Sunnfjord.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

ESA tok imot i 2015 tre klager på myndigheitenes avgjerd om å gje gruveselskapet Nordic Mining løyve til å deponera gruveavfall frå Engebøfjellet i Førdefjorden.

Klagarane hevda at den omstridde avgjerda er i strid med EUs vassdirektiv, og at gruveavfallet vil vera sterkt forurensande i lang tid.

– Målet har ikkje vore å ta stilling til prosjektet, men om den norske saksbehandlinga har følgt reglane, og det konkluderer vi med at dei har gjort, seier Vestbakke.

– Eit svik mot fjorden

– I praksis vil dette seie at ESA reknar at Norge har innfridd føresetnadane for å ta i bruk dei unntaka som EØS-reglane opnar for, seier kommunikasjonssjef i ESA, Anne Vestbakke til NRK.

Leiar i Greenpeace Norge, Trulse Gulowsen, kallar ESAs avgjerd «eit svik mot fjorden».

– Om ikkje dette bryt med lovverket er det vanskeleg å sjå for seg kva som gjer det. Det viser at lovverket ikkje er verdt papiret det er skrive på ein gong, seier Gulowsen til NTB.

Saka fortsett under faktaboksen.

Fortsett kampen

Prosjektet har hatt mange kritikarar og demonstrantar har gjort sitt for å stoppe heile utbygginga. I februar i fjor lenka fleire naturvernarar seg til anleggsmaskinene på Engebøfjellet. Politiet skreiv ut bøter for over ein million kroner .

– Overvakingsorganet har berre vurdert saksbehandlinga og ikkje dei faktiske forholda og konsekvensane for livet i fjorden.Vi hadde ønska oss ein grundigare behandling av saka og dei faktiske konsekvensane, seier Ingrid Skjoldvær, som er leiar i Natur og Ungdom.

Dei har ikkje tenkt å gi opp kampen.

– Vi har ikkje gitt opp og vil fortsette kampen for å sørge for at vi skal ha reine fjordar med rein fisk også i framtida, avsluttar Skjoldvær.

Aksjonistane i Vevring

AKSJONERTE: Nærast dagleg i tre veker var politiet i Vevring for å fjerne aksjonistar som lenka seg fast til Nordic Mining sine anleggsmaskiner i Engebøfjellet.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

Ein som er glad for avgjerda frå ESA er Bjørn Lødemel i Høgre.

– Vedtaket betyr mykje for norske bedrifter og jobbar i Distrikts-Noreg, seier Høgres stortingsrepresentant frå Sogn og Fjordane, Bjørn Lødemel.

Selskapet som vil starte gruvedrift på Engebøfjellet er Nordic Mining, og dei seier til NTB at dei er i gang med tekniske studiar av området.