Hopp til innhold

Betydeleg snøskredfare i starten av vinterferien

I store delar av Sør-Noreg er det fare for snøskred ved inngangen til helga.

Snøskred Hemsedal skisenter

SNØSKRED: Skal du i fjellet i Sør-Noreg bør du unngå skredterreng.

Foto: Steinar Bleken

Det er spådd ein super vêrstart på vinterferien til fleire skular, og mange har kanskje pakka ski og solbriller for ei helg i fjellet.

– Når det er meldt fint vêr, så skjøner vi godt at folk vil ut på tur. I Sør-Noreg er det venta betydeleg snøskredfare og folk må ta omsyn til det når dei skal ferdast i fjellet, seier vaktleiar i snøskredvarslinga, Tommy Skårholen.

Denne veka har det kome mykje snø fleire stadar.

– Det tar tid før snøen er stabil nok, og no er det lett å løyse ut skred. Skal du på tur i fjellet, så må du unngå skredterreng, seier Skårholen.

Snøskred

BETYDELEG SNØSKREDFARE: Store delar av Sør-Noreg kan vente seg betydeleg snøskredfare.

Foto: SKJERMDUMP

Desse områda er farlege:

Område med oransje/nivå 3-varsling på snøskredfare.

  • Indre Fjordane
  • Jotunheimen
  • Indre Sogn
  • Voss
  • Hallingdal
  • Hardanger
  • Vest-Telemark