Hopp til innhold

Super vêrstart for helga og vinterferien

Nord-Noreg blir vêrvinnaren, men heile landet kan glede seg over eit høgtrykk over Skandinavia.

Pudderføre

SNØMORO: Store delar av landet tek fri fredag ettermiddag. Dei kommande dagane blir det mange sjansar til å koma seg ut i snøen.

Foto: Arne Fosland

Helga markerer starten på vinterferien for dei aller fleste her til lands. Med unntak av Troms, Oppland, Buskerud, Rogaland og deler av Hordaland, tar skular i heile Noreg vinterferie.

Då passar det fint at eit kraftig høgtrykk tar grep om Skandinavia, etter ei veke med storm og stengde fjellovergangar.

– Høgtrykket påverkar vêret i heile Noreg den neste veka, og held dei fleste lågtrykka unna, seier vakthavande meteorolog ved Vêrvarslinga i Tromsø, Justyna Wodziczko.

Draumeferie i aust?

For det sentrale Austlandet er svaret på helgevêret enkelt: Stort sett opphald og «heilt greitt» vêr.

Nokre få plassar kan få nedbør laurdag kveld, men elles blir både helga og starten på vinterferien stabil.

– Det blir for det meste fint, med noko skiftande skydekke. Det ser ut til å bli periodevis sol, med meir skyer i ytre deler av Telemark. Her vil det også kunna koma nedbør laurdag kveld.

Temperaturen vil ligga nokre grader under frysepunktet.

Laster Twitter-innhold

For vinterferien sin del er det store spørsmålet om sola vil visa seg. Om høgtrykket flyttar seg sørover som spådd, går det mot skyfri himmel store deler av Sør-Noreg.

– Det er framleis uvisst om det blir skyfritt og strålande vintervêr. Det kjem litt an på korleis høgtrykket rører på seg, og om det held stand mot lågtrykk som kjem inn, seier Wodziczko.

Biler og hus snør ned i Buskerud

NEDSNØDD: Britt Waage i Hvittingfoss i Buskerud måtte jobba febrilsk for å grava bilen sin ut av snømengdene.

Foto: Britt Waage

Vått, men betre i vest

Langs kysten sørover blir det for det meste pent vêr til over helga. Måndag og tysdag kan det blåse opp til kuling langs kysten av Sørlandet.

For Vestlandet sin del held vêret fram slik det har vore dei siste dagane, men nedbøren minkar.

– Det kjem også mildare luft laurdag ettermiddag, som fører med seg regn til låglandet i Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane, opplyser meteorologen.

I Møre og Romsdal og Trøndelag blir helga prega av opphaldsvêr og periodar med sol.

I heile Sør-Noreg går temperaturen ned. Med unntak av deler av kysten på Vestlandet, betyr det opphald og pent vêr i heile Sør-Noreg.

– Høgtrykket flytter seg søraust, så onsdag kan det koma nedbør til Møre og Romsdal og Trøndelag, med sørvestleg stiv kuling og regn. Slik ser det ut til å bli fram til laurdagen etter.

Vêrvinnarar i nord

Nord-Noreg er vêrvinnaren denne helga. Høgtrykket ligg over landsdelen, noko som betyr frålandsvind, stort sett skyfritt og pent vêr.

– Det blir noko snø på kysten av Aust-Finnmark og skyer i indre strok. Det kan blåsa friskt enkelte stader, men det ser ut til å bli veldig fint vintervêr.

I takt med at høgtrykket dreier sørover og blir svakare, snur vêret i nord. Tysdag kan eit lågtrykk over Kolahalvøya gi ein del vind langs kysten av Aust-Finnmark.

– Det er usikkert korleis lågtrykket beveger seg, men Nordland får mest truleg regn utover veka. Brønnøysund kan få 5-6 varmegrader torsdag og fredag.

Knallvær i Tromsø

Tromsø har vist seg frå si beste side denne veka.

Foto: Oda Viken / NRK