NRK Meny
Normal

Ber Høgre stoppe prosessane Ap starta

Flora-ordførar Bengt Solheim-Olsen (H) ber sitt eige parti stoppe samanslåings-prossessane dei arva frå Ap - og som Høgre har vidareført i regjering.

Bengt Solheim-Olsen

IRRITERT: Ordførar Bengt Solheim-Olsen i Florø meiner Høgre må stoppe prosessen Ap starta og som Høgre-regjeringa kom med konklusjonen på i førre veke: Nedlegging av Sogn og Fjordane politidistrikt.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

– Vi må sørge for at distriktspartiet Høgre stoppar den elendige og arrogante prosessen Arbeidarpartiet og DSB sette i gang.

Slik tora Flora-ordførar Bengt Solheim-Olsen på talarstolen til fylkesårsmøtet i Sogn og Fjordane Høgre i helga. Han sikta særleg til at Alarmsentralen, med 110-naudnummeret for brann, kan gå med i dragsuget når Sogn og Fjordane politidistrikt snart er historie.

Høgre- og Frp-regjeringa bestemte seg i førre veke for å legge ned Sogn og Fjordane politidistrikt og slå politiet i Sogn og Fjordane saman med Hordaland i eit nytt politidistrikt Vest. På landsplan skal 27 politidistrikt bli til 12.

Vil sikre oppgåver i Florø

– Det irriterer meg ganske mykje at Sogn og Fjordane ikkje kan bestå som eige politidistrikt, sa ein skuffa Solheim-Olsen.

Flora-ordføraren lova at kampen for politiet i Sogn og Fjordane på langt nær er over, men ein innser at slaget om sjølve politidistriktet tapt for lokalpolitikarane.

Sogn og Fjordane Høgre vil no prøve å gi politistasjonen i Florø nye oppgåver etter samanslåinga av politidistriktet.

– Regjeringa opnar for at mange spesialfunksjonar, til dømes kriminalteknikk, etterforsking av seksuelle overgrep, økonomietterforsking, spesielle beredskapsoppgåver og liknande kan plasserast andre stader enn der politimeisteren sit, påpeikte Solheim-Olsen.

(Artikkelen held fram under biletet.)

Politihuset i Florø

BLIR EIN DEL AV HORDALAND: Sogn og Fjordane politidistrikt blir slått saman med Hordaland politidistrikt, truleg i løpet av 2016.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

Årsmøtet vedtok uttale

Fylkesårsmøtet i Høgre svara med å vedta ein resolusjon der ein vil skaffe spesialfunksjonar til politiet i Flora.

Bjørn Lødemel

LOVAR Å JOBBE: Stortingsrepresentant Bjørn Lødemel seier han skal jobbe aktivt for å sikre flest mogleg politioppgåver i Florø.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

– Vi må sørge for at politihuset i Florø blir fylt opp med meir politi, meir kompetanse og fleire oppgåver. Vi må rett og slett sørge for at det blir meir robust, sa Flora-ordføraren til stor jubel frå årsmøtesalen.

Varslar kamp for 113- og 110-sentralane

Fylkeslaget varsla også kamp for den nye AMK-sentralen i Førde som kan forsvinne i dragsuget til politireforma, også alarmsentralen på politihuset i Florø blir det kamp om framover. Begge funksjonane kan i framtida hamne i Bergen.

Stortingsrepresentant Bjørn Lødemel seier han vil ta kampen i Stortinget.

– Dette var ein veldig god resolusjon og eit veldig klart mandat til meg og resten av fylkesorganisasjonen at vi skal jobbe for å få spesialfunksjonar til Florø. Eg er veldig glad for at vi står samla om dette.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser