Under fylkesårsmøtet til Sogn og Fjordane Høgre i helga ville enkelte gå i mot søndagsope, slik regjeringa vil føreslå.
- Les også:
Viste til erfaringane frå Sverige
Geir Arve Sandvik frå Luster driv 16 skobutikkar og er medeigar i Eurosko-kjeda med over 500 butikkar i Skandinavia.
– I Sverige har alle våre skobutikkar i Sverige søndagsope. Det fører til at vi må ha 30 prosent høgare omsetnad ved våre skobutikkar i Sverige for å kunne overleve. Eg sel ikkje fleire sko om eg har ope sju dagar i veka i staden for seks dagar i veka, sa Sandvik frå talarstolen.
- Les også:
Trur butikkeigarar vil vende Høgre ryggen
Han meiner butikkeigarar no blir skremde vekk frå partiet, fyrst kom det omstridde framlegget om å heve tollgrensa for kjøp av varer frå utlandet, no fryktar mange søndagsopne butikkar.
– Av 80 eigarar i Eurosko – vi eig 500 butikkar – så er eg sikker på at 95 prosent røysta Høgre. Med det som har skjedd no, det er eg sikker på, vil vi ikkje nå snittet ein gong til å stemme Høgre.
Lødemel: – Fridom og mangfald
Det var Eid Høgre som kom med resolusjonsframlegg om å seie nei til søndagsopne butikkar. Men resolusjonsnemnda, som hadde stortingsrepresentant Bjørn Lødemel som leiar, rådde til å ikkje handsame framlegget:
– Bakgrunnen er at dette er ei sak som vi har vedtatt på landsmøtet, og som eg har gått til val på. Fridom, mangfald, ansvar er det eg legg mest i.
- Les også:
(Artikkelen held fram under biletet.)
Skuffa lokallagsleiar
Lokallagsleiaren i Eid ville ikkje trekke forslaget, og fortalde om eit stort engasjement blant Høgre-folk på grasrota.
– Eg må seie at eg er litt lei meg for at dette med søndagsopne butikkar blir avvist, viss eg forstod deg rett. Eg ber om at det blir revurdert, sa Eli Førde Aarskog med adresse til stortingsrepresentanten.
Ho fekk mellom anna støtte frå Vågsøy Høgre, Men Lødemel fekk årsmøtet i Sogn og Fjordane Høgre med seg i å avvise å handsame framlegget.
– Det er ei vanskeleg sak. Vi skal ta signala på alvor, sjølv om Høgre har sagt at vi ønskjer søndagsopne butikkar. Det er vårt utgangspunkt og det er mitt utgangspunkt. Så får vi ta det derfrå, seier stortingsrepresentanten til NRK etter årsmøtet.