Hopp til innhold

– Kan ikkje anna enn å akseptere flytting av AMK

Den flunkande nye AMK-sentralen i Førde kan bli flytta til Bergen.

AMK, luftambulansen og ambulansetenesta kjem heilt tett på kvarandre i dei nye lokala.

KAN FLYTTE: I forslaget til ny politireform er samlokalisering av AMK-sentralane med politiet sine sentralar ein mogleg del av pakka.

Foto: Stein Jarle Aase

– Det er interessant at ein først vel å byggje ein ny base for AMK til over 200 millionar kroner, for så å foreslå å flytte den til Bergen, seier assisterande fylkeslege Jacob Andersen.

Forslag om samlokalisering

Jacob Andersen

UNDRAR SEG: Assisterande fylkeslege Jacob Andersen stiller spørsmål ved kvifor ein bygde for fleire millionar når det no kan sjå ut til at AMK kan bli flytta til Bergen.

Foto: Halvor Farsund Storvik / NRK

Regjeringa vil kutte talet politidistrikt frå 27 til 12, og truleg får dei gjennomslag for dette i Stortinget.

Det få har snakka om er forslaget om å samlokalisere AMK-sentralane til politiet sine operasjonssentralar. For i regjeringa sitt dokument står det:

«Dei nye sentralane skal bli klargjort slik at helsevesenet sine AMK-sentralar kan bli plassert på same stad»

Arbeid over mange år

– Vi har arbeidd målretta og lenge for å få til det gode samarbeidet vi har mellom dei ulike naudetatane i fylket, og dette vil gje store utfordringar, seier fylkesberedskapssjef Haavard Stensvand.

Han har saman med fleire tidlegare gjeve fleire tilbakemeldingar på kor viktig kunnskap om lokale tilhøve er, og kva verdi det har i naudsituasjonar.

– Men vi kan ikkje gjere anna enn å akseptere det regjeringa no føreslår, og må prøve å gjere det beste ut av den situasjonen, seier beredskapssjefen.

Må halde på tilbodet vi har

Portrett av Haavard Stensvand

TETT PÅ: Fylkesberedskapssjef Haavard Stensvand er klar på at vi ikkje kan miste det tette samarbeidet mellom dei ulike naudetatane slik vi kjenner det i dag.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Fylkeslegen ser fleire positive konsekvensar av ei samanslåing mellom dei ulike einingane, men seier det er viktig at tilbodet til innbyggjarane ikkje vert forringa.

– Vi må ha den kunnskapen og kompetansen vi har no. For vi har sett døme på at dei som skal rykke ut er usikre på om det er i Årdal i Jølster eller Årdal dei skal til, seier Andersen.

– Fryktar du at det vil skje oftare om AMK vert plassert i Bergen?

– Vi må i alle fall vere klar over at den kunnskapen er viktig å ta vare på.

Fylkesberedskapssjefen er samd.

– Vi kan ikkje risikere at innbyggjarane i fylket får eit dårlegare tilbod enn det dei har i dag. Og vi må jobbe for at vi held på den kompetansen om fylket vi har no.

Den har kosta 166 millionar å bygge og samlar luftambulanse, ambulanse-stasjon og AMK-sentral under samme tak.
Den nye akutt-basen ved Førde sentralsjukehus kan bli malen for resten av helse-Norge.

NY: Her kan du sjå korleis den nye alarmsentralen til Helse Førde ser ut.