Hopp til innhold

Ballongseljar fortvilar over heliumforbod

BERGEN (NRK): Stadig fleire kommunar vedtek forbod mot heliumballongar. Ballongforhandlarar fortvilar over den store motstanden.

Heliumdame i Bergen

VELDIG SYND: Eva Waagsbø hos Ballongdekor tykkjer det er veldig synd at stadig fleire kommunar vedtek forbod mot heliumballongar.

Foto: Christian Lura / NRK

– Vi som er ballongforhandlarar har absolutt blitt ei stigmatisert gruppe. Eg tykkjer det er veldig, veldig dumt at fleire kommunar no vedtek forbod, seier ballongforhandlar Eva Waagsbø hos Ballongdekor i Bergen.

Stadig fleire kommunar har vedteke eit forbod mot heliumballongar inn mot 17. mai. I byar som Oslo, Bergen, Stavanger, Skien og Tromsø skal det bli forbode å selje ballongane på kommunal grunn.

I Førde klarte 11 år gamle Mari Grønli å overtyde politikarane til å seie nei til dei omstridde ballongane på onsdag.

Ballongforhandlar Eva Waagsbø blir lei seg av den store motstanden.

– For meg betyr ballongar glede. Det gjer noko med heile lokalet og stemninga når det er dekorert med ballongar. Skal eg oppsummere det i eitt ord, blir det «glede».

MDG vil ha eit nasjonalt forbod

Sjølv om mange kommunar har vedteke eit lokalt forbod, seier kommunaldepartementet at det ikkje er aktuelt med eit nasjonalt forbod. Det er Miljøpartiet dei Grøne heilt usamd i. Dei vil no fremje eit forslag i Stortinget om eit nasjonalt forbod mot sal av heliumballongar.

– Flygande plastsøppel er ein dårleg måte å feire høgtidsdagar på. Vi er trygge på at det er eit folkekrav at vi sluttar med det, og difor vil vi ha eit nasjonalt forbod, seier nasjonal talsperson Rasmus Hansson.

Heliumballonger i sjøkanten

OMSTRIDDE: Heliumballongar kan hamne i naturen, og er difor omstridde.

Foto: Ann-Kathrin Espevoll

Hansson er strålande fornøgd med at så mange kommunar har vedteke eit forbod, men meiner at det må skje noko på nasjonalt plan for at det verkeleg skal monne.

– Og heliumballongar er jo så totalt unødvendige, så eg trur folk flest er med oss på at eit forbod er naudsynt.

Og 11 år gamle Mari i Førde er heilt einig, ho seier ho ikkje kjem til å sakne ballongane på 17. mai.

– Det er jo ikkje så gøy med heliumballongar. Også er det ikkje verdt det dersom dei hamnar i naturen og får dyr til å døy, seier Grønli.

MDG-leder Rasmus Hansson

VIL HA NASJONALT FORBOD: Rasmus Hansson i MDG vil ha eit nasjonalt forbod mot heliumballongar.

Foto: Christian Kråkenes

Lei av stigmatisering av ballongbransjen

Men ho som lever av å selje ballongar forstår ikkje den store motstanden.

– Om du brukar ballongar riktig er det ikkje noko meir forureinande enn andre ting. I staden for forbod burde dei heller innføre strengare regulering.

Waagsbø meiner nemleg at riktig bruk gjer heliumballongar både forsvarleg og positivt.

– Vi er heilt i mot folk som slepp ballongar ut i det fri. Vi monterer lodd på ballongane vi sel, slik at dei ikkje skal fly av garde.