Hopp til innhold

Brevet frå Mari (11) fekk bystyret til å vedta forbod mot heliumballongar på 17. mai

Under ei veke etter at 5.-klassingen Mari Grønli sende brev til ordføraren har bystyret i Førde, vedteke det same som fleire norske byar. Forbod mot heliumballongar på 17. mai.

Marie Grønli og Førde-ordførar Olve Grotle

NØGD: Mari Grønli (11) er godt nøgd med at politikarane i Førde høyrde på innspelet ho hadde i brevet sitt til ordførar Olve Grotle (t.h.)

Foto: Thomas Brakstad / NRK

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

– Eg syns det er flott at dei høyrde på meg. Heliumballongane kan hamne i naturen og havet og det er ikkje bra, seier 11-åringen Mari Grønli.

Torsdag i førre veke sende ho brev til Førde-ordførar Olve Grotle (H) der ho oppmoda bystyret om å forby heliumballongar på 17. mai. Onsdag ettermiddag vedtok eit samrøystes bystyre eit forbod mot sal av heliumballongar på kommunal grunn på nasjonaldagen.

Det var avisa Firda som først omtalte brevet frå 5.-klassingen.

Nasjonal trend

Den siste tida har det vore merksemd om plast-problemet og spesielt plast i havet. Det har ført til at fleire store byar, som Bergen, Stavanger, Tromsø, Haugesund og Oslo har innført forbod mot heliumballongar på 17. mai. MDG vil ha eit nasjonalt forbod mot ballongane.

– Det er mange barn som mister heliumballongane sine på 17. mai, seier Grønli.

– Det har gjort inntrykk på meg at ein så ung elev har sendt eit brev til meg. Ho har ikkje berre peika på miljøaspektet med heliumballongar, men også på detat helium er ein viktig ressurs innan medisin, som det er avgrensa mengder av i verda, seier Førde-ordførar Grotle.

Balloons filled with helium

FORBOD: Fleire norske byar har vedteke forbod mot heliumballongar 17. mai. No følger Florø og Førde etter.

Foto: Deyan Georgiev

Det bystyret har vedteke er at ingen får selje heliumballongar på kommunalt området på nasjonaldagen. Det vil likevel ikkje får konsekvensar for dei som allereie har fått løyve i år. Forslaget kom frå Venstre og MDG.

Også i nabobyen Florø vedtok bystyret eit plastforbod denne veka.

– Heliumballongar er eit symbol på vårt overforbruk av naturressursar og vår forsøpling av naturen, seier bystyrerepresentant for MDG i Flora kommune, Martin Malkenes.