Hopp til innhold

Bakke kjempar for å halde laget i Tippeligaen

Etter ein tøff start på haustsesongen er målet for Sogndal-trenar Eirik Bakke at laget held seg i Tippeligaen.

Eirik Bakke

EIT SLAG I TRYNET: Etter kampen mot Start som enda uavgjort, er målet til Eirik Bakke og Sogndal at ein held seg i Tippeligaen.

Foto: Schrøder, Tor Erik / NTB scanpix

– Vi har lagt eit godt grunnlag for resten av sesongen. Målet er å halde seg i Tippeligaen. Skal vi sjå oppover mot tabellen, så er det kampar som i går vi må vinne, seier Sogndal-trenar Eirik Bakke.

Etter to strake tap kom Sogndal seg vekk frå tapsrekkja etter uavgjort mot tabelljumbo Start.

Etter ein tøff start på haustsesongen, er det ein skuffa Bakke som gjerne skulle hatt med seg tre poeng til Sogndal.

– Vi fekk eit slag midt i trynet. Til trass for god kontroll blei det kaotisk. Eit kutt i panna gjorde at eg ikkje fekk tatt byttet som eg skulle gjort.

 Lars-Jørgen Salvesen

UAVGJORT MOT TABELLJUMBO: Det enda uavgjort i kampen mellom Start og Sogndal.

Foto: Schrøder, Tor Erik / NTB scanpix

Ein krevjande periode

Etter ein god vårsesong har Sogndal dei tre siste kampane gått på to tap og ein uavgjort.

– Ser ein på tabellen, så har sesongen så langt vore veldig bra. No er vi nok inne i ein periode der ein kanskje må stramme opp litt, seier ekspertkommentator Jon Navarsete.

Haustsesongen har bydd på fleire utfordringar. Navarsete tykkjer Sogndal ber preg av å sleppe inn billige mål under dei siste kampane.

– Det er ofte litt tilfeldig, men eg forstår at Bakke er forbanna og frustrert. Det svingar litt. Sarr er vekk og det tek si tid å erstatte han. Mange er ferske i Tippeligaen og skal gå i ein læringsprosess.

Etter vårsesongen var det lett å legge lista høgt for Sogndal, men for Navarsete er det berre ein ting som betyr noko.

– For Sogndal sin del må det handle om å vere i Tippeligaen over tid. Det er så mykje bra som skjer i Sogndal, så det er Bakke og mannskapet i stand til.

Jon Navarsete

BÅDE OPP OG NED FOR SOGNDAL: Ekspertkommentator Jon Navarsete meiner det svingar for Sogndal i haustsesongen.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Vil ha siger på heimebane

Med åtte kampar igjen av sesongen ser Sogndal-trenaren fram til det som ventar laget. Bakke som har forlenga kontrakten med Sogndal for tre nye år, ventar utolmodig på ein siger på heimebane.

– Det neste steget er å få ein god kamp på Fosshaugane der vi er sterke. Ein seier på heimebane er viktig, for på bortebane har vi tatt ein del poeng. No er det på Fosshaugane vi må begynne å vinne kampar igjen.

For Bakke er det alltid neste kamp som står i fokus.

– Alle veit kor viktig kampen mot Stabekk blir til helga. Får vi tre poeng i den kampen, så kjem vi over 30 poeng, avsluttar Bakke.