Hopp til innhold

Sogndal møtte veggen på Lerkendal

Serieleiar Rosenborg vart nokre nummer for sterke for Sogndal. Trønderane vann til slutt 3–1.

Bakenga doblar til 2-0 for Rosenborg.

DOBLA: Rosenborgs Mushaga Bakenga aukar til 2–0 mot Sogndal.

Foto: Alley, Ned / NTB scanpix

Med håp om å komme tilbake på vinnarsporet etter tapet for Viking førre helg, sette Sogndal-trenar Eirik Bakke nøkkelspelarane Hannu Patronen, Gilbert Koomson og Lars Christian Kjemhus rett inn i startellevaren .

Det var diverre ikkje nok for å kunne demme opp mot den suverene serieleiaren i Eliteserien.

– Det var vel avgjort eller første omgang. Vi var smågutar i første omgang, men heva oss i andre omgang. Vi prøver og torer, men er ikkje gode nok med ballen, konstaterer Bakke.

Laster innhold, vennligst vent..

– Smågutefotball

Eirik Bakke

SMÅGUTAR: Sogndal-trenar Eirik Bakke var ikkje nøgd med prestasjonane til Sogndal før pause.

Foto: Blom, Christian / NTB scanpix

Vel og merke byrja det bra, med høgt press frå Sogndal si side. Dei var godt med i kampen til Fredrik Midtsjø sette inn kveldens første scoring på Lerkendal.

Derifrå og ut omgangen hadde heimelaget full kontroll. Mushaga Bakenga dobla leiinga, før Jonas Svensson fastsette pauseresultatet til 3–0.

– Måla dei scorar er litt smågutefotball, men gutane reiser seg i andre omgang og er slik eg vil sjå dei, seier Bakke.

Det beste laget vann

Etter kvilen sette Bakke inn på Kristian Fardal Opseth, Bjørn Inge Utvik og Mahatma Otoo i eit forsøk på å kunne reise frå Trondheim med poeng.

Mål skulle det til slutt bli på Sogndal, då eit innlegg frå Koomson endra retning i Svensson og inn bak Adam Larsen Kwarasey i Rosenborg-målet.

Siste kvarteret meir eller mindre kontrollerte serieleiaren inn sigeren.

– Det beste laget vann til slutt, men det må vi tole her på Lerkendal, vedgår Bakke.

Laster innhold, vennligst vent..