Hopp til innhold

Furebotn knalla til, men sørlendingane sikra uavgjort

Årdølen Henrik Furebotn sørga for tidleg Sogndal-leiing i borteoppgjeret mot Start i Kristiansand.

Eliteserien fotball 2016: Start-Sogndal.
Foto: Tor Erik Schrøder / NTB scanpix

Men eit mål frå Lars Jørgen Salvesen heilt på slutten av kampen sørga for at Start klarte uavgjort, og eit uhyre viktig poeng for sørlendingane i botnstriden.

Sogndal pressa knallhardt på heilt fram til siste sekund, men til liten nytte, og dermed blei det berre eitt poeng med i bagasjen heim til Fosshaugane.

– Vi er ikkje nøgde med eitt poeng, ikkje slik som kampen blei. Start gjer ein god jobb og vi får ikkje heilt til det toppresset som vi prøver å få til. Start spelar ein god kamp, så vi legg oss ikkje bevisst ned, sa ein skuffa Henrik Furebotn etter kampen.

Han meiner at Sogndal må minst ha eit par sigrar til for å vere trygge på ny kontrakt i eliteserien.

Trenar Eirik Bakke var også skuffa etter uavgjort mot sørlendingane, og meiner at laget rett og slett skusla vekk to viktige poeng i sluttminutta.

– Vi var nære tre poeng i dag, og vi hadde greidd det i dag om vi hadde klart å halde på ballen. Vi veit vi er vanskelege å slå, og no ventar Stabæk i neste kamp, så det er berre å køyre på vidare.

Laster innhold, vennligst vent..
Eliteserien fotball 2016: Start-Sogndal.

BEINTØFT: Chidiebere Nwakali (t.v) brynar seg mot Taijo Teniste og Lars Christian Kjemhus.

Foto: Tor Erik Schrøder / NTB Scanpix
Laster innhold, vennligst vent..

.