Hopp til innhold

Eirik Bakke forlengjer med Sogndal

Eirik Bakke har signert ein ny kontrakt som Sogndaltrenar for dei neste tre åra. Han sørga for opprykk i sin første sesong som trenar, og i årets sesong har klubben sett ny rekord i tal kampar utan tap.

Eirik Bakke

SUKSESS: Sogndal ligg nett no på ein niandeplass, noko som må seiast å vere bra den første sesongen etter opprykk.

Foto: Hommedal, Marit / NTB scanpix

Med seg får han framleis Terje Skjeldestad som både assistent og keeperansvarleg, som også har signert ein ny kontrakt.

– Eirik og Terje komplimenterer kvarandre. Dei har klart å bygge eit godt team rundt seg som har løfta både treningskvardagen, og den individuelle oppfølginga av kvar enkelt spelar, fortel styreleiar Tor Arne Ness i ei pressemelding.

Les også: Durecell-spissane til Sogndal

Eirik Bakke ved benken med assistent Terje Skjeldestad

GODT SAMARBEID: både leiinga i Sogndal Fotball og supporterleiar Vidar Vadseth trekk fram at samarbeidet mellom Eirik Bakke og Terje Skjeldstad er veldig godt

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Klubbrekord

Sogndal gjekk på eit tap mot Viking i helga, men elles har årets sesong vore svært god. Før kampen på sundag hadde klubben spelt 11 kampar på rad utan å tape. Leiar for supportergruppa Saftkokaradn, Vidar Vadseth, er strålande fornøgd.

– Det Eirik har fått til er heilt formidabelt, så dette er absolutt gode nyheiter. Eg er også glad for at Terje forlenger og, dei to har spelt fotball saman sidan dei var små, og er eit veldig godt lag.

Terje Skjeldestad

LOKAL: Terje Skjeldestad er frå Kaupanger og har spelt saman med sogndølen Eirik Bakke sidan dei var gutar

Foto: Rune Fossum / NRK

Treng ikkje større utfordringar

Det har vore spekulert i om Bakke har hatt lyst på større utfordringar etter suksessen i Sogndal, men supporterleiaren kan ikkje skjøne at det skal vere naudsynt.

Les også: Viking slo Sogndal på bortebane

– Eg kan ikkje sjå føre meg ei større utfordring enn å ta seriegull med Sogndal, så eg ser ingen grunn til at Eirik skal reise nokon stad endå.