Hopp til innhold

«Team bånn gass»

SOGNDAL (NRK): Spissparet Martin Ramland og Ole Amund Sveen sin hardtarbeidande spelestil er éi forklaring på den gode sesongen til Sogndal.

Sveen og Ramsland

ATLETICO MADRID LIGHT: Martin Ramsland (t.v.) og Ole Amund Sveen (t.h.) må ta sin del av æra for at Sogndal spelte 11 kampar på rad utan å tapa.

Foto: Christian Blom, NTB Scanpix

Å vera spiss i Sogndal er ingen jobb for primadonnaer.

Der mang ein angripar let lagkameratane bakover på bana gjera forsvarsjobben, har duoen Martin Ramsland og Ole Amund Sveen si oppofrande springing og tøffe kriging gjort Sogndal til ein frykta motstandar.

– Dei har kome inn som eit friskt pust, seier Sogndal-trenar Eirik Bakke:

– Dei har ein stor del av æra, saman med resten av laget, for den gode sesongen så langt. Oppgåva deira er å arbeida hardt. At Ole Amund også har byrja å skåra mål, viser at hardt arbeid gir resultat.

Gir juling

Slik Atletico Madrid har bite seg fast i toppen av spansk fotball med ei vidgjeten fighter-innstilling, har Bakke brukt noko av den same oppskrifta: Høg arbeidsmoral og hissig press. Fremst i forsvarsarmadaen spring altså Sveen og Ramsland.

Dei har starta saman på topp eit halvt dusin gonger denne sesongen og aldri tapt, før mot Viking.

Laster innhold, vennligst vent..

– Det var frustrerande at me ikkje fekk til presspelet vårt. Å møta oss på Fosshaugane plar vera vondt, men det var det ikkje for Viking i kveld, seier Ramsland.

Og nettopp ilt kan det vera å møta Ramsland. 23-åringen frå Marnardal i indre Agder gir mykje juling og nøler sjeldan i taklingane.

– Det er slik eg er, og den stilen passar godt inn i måten Sogndal spelar på, seier han.

Duracell-krefter

Om Ramsland kunne springa fort - og lenge - før han kom til Sogndal, har duracell-kreftene verkeleg fått utvikla seg etter overgangen frå Strømmen.

– Her trenar me mykje hardare. Spesielt etter sommarferien har eg kunna halda intensiteten gjennom nitti minuttar, noko eg ikkje makta tidlegare.

– Det er ikkje mange eliteserielag som er betre trena enn oss, legg makker Ole Amund Sveen til:

– Det såg me mot Viking òg, der me stod løpet og køyrde over dei mot slutten.

Sjølv om det blei 2-1-tap mot Stavanger-laget, var det fleire gonger Ramsland stressa motstandaren til å slå ein dårleg pasning, og der Sveen stod klar til å vinna den neste duellen.

– Ballen landar ofte bak der Martin krigar, og dei andreballane pleier eg lukta, seier Sveen.

Sogndal-trenar Eirik Bakke etter at dei tapte 2-1 mot Viking.

SKUFFA: Trenar Eirik Bakke måtte sjå Sogndal tapa 2-1 mot Viking på Fosshaugane søndag kveld.

Frå midtstoppar til toppskårar

26-åringen frå Redalen nord for Gjøvik blei prøvd ut som midtstoppar då han spelte i Strømsgodset for fire år sidan. I dei siste kampane har han herja i eliteserien – som spiss.

Noko av forklaringa på at han stortrivst i den nye rolla i tospann med Ramsland, finn me i analyserommet:

– Martin og eg har sett mykje på video og studert korleis me skal samhandla med kvarandre og resten av laget.

Og samspelet har fungert så godt at dei to mestskårande frå opprykkssesongen i fjor – Kristian Fardal Opseth og Mahatma Otoo - har slite på innbytarbenken.

- At dei to sit på benken, som er så gode spelarar, må eg berre ta som eit kompliment, seier Sveen.

Laster innhold, vennligst vent..