Hopp til innhold

Sogndal tapar aldri i mai månad med Bakke som trenar

På 15 mai-kampar i serien har Sogndal-trenar Eirik Bakke framleis til å gode å tape. Det er godt nytt før kampen mot Brann.

Eirik Bakke

MAI-GUTEN: Etter ein beintøff start på sesongen, der forsvaret lak som ein sil og poengfangsten var miserabel har det no snudd for Sogndal og trenar Eirik Bakke. Men det gjer vanlegvis det i mai månad.

Foto: Jan Kåre Ness / NTB scanpix

– Vi var gode i mai i fjor også, og vi har ein bra gjeng som er godt trent. No har det gått stong inn og ikkje berre stong ut, seier Bakke.

Men det var ikkje berre i mai 2016 at Sogndal gjorde det bra. Før kalenderen viste mai i år, låg Sogndal på sisteplass i eliteserien med berre fire poeng. Så vart det mai, og laget har spelt 0–0 mot Haugesund, samt slått Viking 4–0 og øydelagt 17. mai-feiringa i Molde med ein sterk bortesiger 16. mai.

Men ein gjennomgang av alle mai-kampane til Sogndal med Bakke som trenar, viser at 1–0 tapet for Nest Sotra i cupen i fjor er det einaste tapet han har hatt sidan han tok over som trenar før 2015 sesongen.

Nær full pott

Bakke tok over Sogndal før sesongen i førstedivisjon i 2015. Der tok laget heile 16 av 18 moglege poeng i serien i mai månad. Det einaste poengtapet kom mot Kristiansund, der det enda 1–1.

I fjor var dei tilbake i eliteserien og møtte lag som Rosenborg, Viking og Lillestrøm, utan at det vart tap då heller. Sogndal gjekk faktisk heilt frå 1. mai i fjor til 7. august utan tap. Då vart Viking for sterke på Fosshaugane.

På sine 15 seriekampar i mai månad står Bakke med åtte sigrar og sju uavgjorte.

Godt trent

Motstandar laurdag er «storebror» Brann, og begge lag får sin tredje kamp på sju dagar.

– Det er ikkje mange lag som er betre enn oss på det fysiske. Eg lover at vi skal springa like mykje som Brann og vera like tøffe i duellane, seier Bakke.

Helge Haugen og Eirik Bakke

OVERGANG: I fjor var Helge Haugen (t.v.) Eirik Bakke og Sogndal sin fysiske trenar. Før årets sesong gjekk han over til Brann og vart deira fysiske trenar.

Foto: Alf Vidar Snæland / NRK

Før årets sesong henta Brann inn Helge Haugen som fysisk trenar, frå nettopp Sogndal.

– Helge var ein viktig mann for oss og det er han i Brann også. Dei ser ut til å vera piggare i år enn i fjor, men vi skal gje jernet, seier Bakke.

Kven held ut lengst?

For både Sogndal-trenaren og Brann-trenar Lars Arne Nilsen har ein spelestil som stiller store krav til løpskapasitet, og i mai månad er det mange kampar.

– Det er to løpssterke lag, men eg trur vi er hakket betre i Bergen, seier Helge Haugen.

Sogndal på si side står med seks poeng av seks moglege etter at dei signerte Kjetil Wæhler (41). Han speler sin tredje kamp på sju dagar, etter seks månadar utan fotball.

– Eg vert utruleg imponert om han klarar 90 minutt mot Brann, men han har heldt seg i form, seier Bakke.