NRK Meny
Normal

Wæhler-effekten slo til

Sogndal fekk hjelp frå den 41 år gamle fotballpensjonisten Kjetil Wæhler, og vipps, så var der eit vinnarlag. Viking vart utklassa med 4–0 på Fosshaugane Campus.

Kjetil Wæhler

SKAPTE RO: Kjetil Wæhler verka slett ikkje som ein avdanka fotballspelar.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Frå første spark på ballen kunne publikum sjå det: Det var ein ny sprut, og samstundes ei ro i laget som gjorde at Viking vart pressa til å gjere feil. Og når ein aggressiv og kjapp Gilbert Koomson i tillegg fekk utteljing alt etter 37 sekund, var mykje gjort.

Trenar Eirik Bakke er ikkje i tvil om at det gjorde noko mentalt med laget å få den tidlegare landslagsstopparen Kjetil Wæhler inn som midtstoppar.

– Det betyr mykje å få inn to slike spelarar som Wæhler og Espen Næss Lund som kan løfte laget og hjelpe medspelarane å stå i det når vi har litt motgang. Når vi får inn Kjetil som har over 30 landskampar og er superprofesjonell, i tillegg til Espen. Då ser vi kva som bur i ein del av dei andre gutane våre.

Martin Ramsland

SPIKAREN I KISTA: Martin Ramsland set inn 4–0.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

– Fantastisk start

Kjetil Wæhler sjølv var godt nøgd etter å ha spelt 90 minutt for første gong på seks månader.

– Ein fantastisk start. Slik gutane står på i dag så krigar vi eit solid lag som Viking i senk. Eg håpar å utgjere ein skilnad når eg kjem hit, mellom anna ved å skape ro i laget.

41-åringen seier at han ikkje tenkte seg veldig lenge om då Eirik Bakke bad han om hjelp.

– Nei, ikkje i det heilt. Det pirrar litt ekstra når ein eliteserietrenar tek kontakt og spør om eg kan ta turen. Eg måtte tenke meg litt om, men eg synest det er litt artig å få sjansen i eliteserien i ein alder av 41 år. Eg har halde forma ved like, og med litt meir trening og kampar får eg betre timing i kroppen.

Han seier at han har ein forståingsfull familie som gjer at han kan satse på nokre månader som fotballspelar i Sogndal.

– Ungane har vore vant med å ha meg heime ei stund, og dei synest det er moro at eg fekk sjansen.

Gilbert Koomson og Martin Ramsland

GLADE MÅLSCORARAR; Gilbert Koomson og Martin Ramsland feirar 4-0-målet.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

– Veldig glad

Ein annan som hadde all grunn til å glise breitt etter 4–0 mot Viking var Gilbert Koomson. Tre mål stod han bak. Han var spesielt godt nøgd med 2-0-målet, som han sette inn med venstrefoten.

– Det var eit fantastisk mål. Eg brukte teknikken min til å forvirre forsvararane til Viking og skaut med venstrefoten, så den er eg veldig glad for. Og 1-0-målet kom fordi heile laget var innstilt på å presse Viking med høgt tempo frå starten.

Det bør og nemnast at Martin Ramsland var svært delaktig i 4-0-sigeren. Han vart felt og skaffa straffa som Koomson laga 3–0 på, og han kom sjølv på scoringslista rett før slutt, då han utnytta ein feilpasning hjå viking og sette spikaren i kista.

– Forferdeleg skuffande

Lagkaptein André Danielsen på Viking var oppgitt over personlege feil som gjer at Viking no er desidert sist med sine fire poeng etter åtte kampar.

– Det vart dessverre fire individuelle feil, og vi startar kampen på ein slik måte at det blir frykteleg vanskeleg. Vi er nøydde til å plukke poeng tysdag mot Aalesund. Kanskje vi må til å spele meir kynisk. Det er forferdeleg skuffande det vi presterer i dag.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.