Hopp til innhold

«Chidi» skremde Aalesund-spøkelset og såg raudt

SOGNDAL (NRK): Chidiebere Nwakali starta kampen med ei perlescoring, men avslutta kampen med direkte raudt kort.

Chidiebere Nwakali får raudt kort mot Aalesund

RAUDT: To spelarar vart liggande att etter situasjonen der Chidiebere Nwakali fekk marsjordre. No må Sogndal klare seg utan midtbanespelaren borte mot Viking neste helg.

Foto: Christian Blom / NTB scanpix

Midtbanespelaren var kampens gigant, men møtte ikkje pressa etter 1-0-sigeren.

Medspelarane skubba ein ilsint Chidiebere Nwakali av bana etter utvisninga.

ILSINT: Medspelarane skubba ein ilsint Chidiebere Nwakali av bana etter utvisinga.

Foto: Christian Blom / NTB scanpix

Seks minuttar før slutt fekk han direkte raudt kort etter ei takling der han først trefte ein Aalesund spelar med olbogen og takla ein annan med knottane først.

– Eg trudde det var tull då det vart raudt, og trudde det var ein fair kamp om ballen. Så ser eg i ettertid at han er oppe med knottane litt, men for meg er det gult kort, seier trenar Eirik Bakke.

– Kampen hadde alt

Bakke og dei vel 5.000 publikumarane fekk sjå kampens einaste mål etter berre to minuttar. Nemnde «Chidi» fekk sjansen på frispark frå 20 meter. Ballen lempa han i vinkelen.

Eirik Bakke trudde ikkje det han såg då Chidi fekk raudt kort.

MISNØGD: Eirik Bakke meinte Chidiebere Nwakali fekk feil farge på kortet seks minuttar før full tid.

Foto: Christian Blom / NTB scanpix

Sogndal skal kommande veke i dialog med den engelske klubben om å få halde på midtbanespelaren.

Bakke konstaterer at kampen mot Aalesund hadde alt.

– Ei fantastisk scoring, spenning heile kampen, god stemning og så toppa det seg sjølvsagt på slutten med eit raudt kort. Men vi drog sigeren i land, konstaterer ein letta Bakke.

– Skal vere slik

Sogndal tok sin første eliteseriesiger på heimebane mot gjestene. Det var også første gang sidan 1996 at Aalesund reiste poenglause frå Sogndal.

«Chidi» gav Sogndal draumestarten, men også marerittavslutninga. Med ti mann fekk Sogndal ein forsvarsjobb på slutten.

Bakke klandrar ikkje matchvinnaren, som er på lån frå Manchester City.

– Skal han konkurrere mot dei beste, så må han vise den mentaliteten. Om ikkje, så kan han berre halde fram å spele i Tippeligaen, seier Bakke og held fram:

– Han skal vere på grensa, ha den vinnarviljen, ofringa for laget og taklingane. Eg har sjølv vore der, så får ein heller tole eit raudt kort, smiler Bakke.

Amper avslutning

Ulrik Fredriksen sklir ballen vekk frå Lars Veldwijk.

GOD KAMP: Ulrik Fredriksen har fått godt med tillit etter at han fekk sjansen på grunn av skader.

Foto: Christian Blom / NTB scanpix

Ulrik Fredriksen vedgår at det vart ampert på slutten, med fleire situasjonar der det vart både knuffing og skubbing mellom spelarane.

– Det var bra trykk på bana og tribunen, men det er berre kjekt det, gliser forsvararen som også såg makker Kjetil Wæhler bli eldste utespelar i eliteserien nokosinne.

– Trioen til Sogndal forsvarer på ein fantastisk måte. For ein unggut som vil bli god i fotball, så er det lov å sjå på korleis Sogndal gjer det i dag. Dei gjer det vanskeleg for oss og er ekle å møte, seier AaFK-trenar Trond Fredriksen.

Tamde angrepsvåpena

Bakke sitt mannskap klarte å temje Aalesund sine viktigaste angrepsvåpen.

Forsvarsrekkja stogga målfarlege Mustafa Abdellaoue og Lars Veldwijk, medan Lars Christian Kjemhus tamde kreative Edwin Gyasi.

– Eg sa før kampen at den ville bli avgjort i boksane, og der var vi store i dag. Det er god vinnarmentalitet i gruppa, avsluttar Bakke.