Hopp til innhold

Dramatisk for eliteseriens eldste utespelar

SOGNDAL (NRK): – Eg må avbryte no. Eg fekk ein smell i hovudet og er litt ute å køyre no.

Kjetil Wæhler og Eirik Bakke

ETTERTRAKTA: Kjetil Wæhler måtte gjennom fleire intervju etter sigeren mot Aalesund. Til slutt vart han innhenta av ein smell han fekk i hovudet under kampen.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Slik avslutta eliteseriens eldste utespelar, Kjetil Wæhler, intervjuet med NRK, før han hasta i garderoben for ein legesjekk.

41-åringen var ettertrakta i intervjusona etter Sogndal sin 1–0 siger over formlaget Alesund. Den første heimesigeren mot sunnmørslaget sidan 1996.

– Det var mange duellar og ein tøff kamp utover i andreomgangen, rakk midtstopparveteranen å summerer opp før han vart svimmel.

Poenga viktigast

NRK har seinare fått stadfesta at det skal gå bra med Wæhler, som var tilbake på Sogndal-laget etter skadeavbrekk.

Chidiebere Nwakali sette prikken over i'en for den historiske dagen allereie etter to minuttar med eit velplassert frispark frå 20 meter.

Kjetil Wæhler fekk ein smell mot Aalesund

SMELL: Kjetil Wæhler (t.v.) fekk seg ein smell i hovudet i ein duell med Aalesund-kaptein Oddbjørn Lie.

Foto: Christian Blom / NTB scanpix

– Det er mykje fokus på at eg er den eldste utespelaren, men det viktigaste i dag var tre poeng. No er det berre å nyte det så langt det går, sa Wæhler som med det var fire dagar eldre enn tidlegare Odd-spelar Frode Johnsen då han som eldste spelar entra Åråsen for to år sidan.

– Uvurderleg spelar

Sogndal sjokkopna og hadde fullstendig dominans dei første 20 minutta. Kort tid før slutt vart dei redusert til ti mann då målscorar «Chidi» fekk direkte raudt kort. Kampen vart avslutta med ti hektiske og ampre minuttar

Men Wæhler og Sogndal stod i mot. Slik dei har brukt å gjere med 41-åringen på bana.

Kjetil Wæhler blir intervjua etter 1-0-sigeren over Aalesund.

SJÅ INTERVJU: Kjetil Wæhler blir intervjua av TV etter 1-0-sigeren. (FOTO: ANDERS MILDESTVEIT/NRK)

– Han er uvurderleg og gir oss ei tryggleik bak der som er utruleg bra for meg, Steiring og sikkert alle andre som spelar saman med han, seier Ulrik Fredriksen.

For lite løpeturar

Gjestene frå Ålesund kom til einskilde forsøk innanfor 16-meteren. Toppscorar Mustafa Abdellaoue vedgår at Wæhler gav han ein frustrerande dag på jobben.

– Eg fekk ikkje tatt han med på så mange løpeturar. Det er løpsduellar eg må ha meir av når eg speler mot han, seier sunnmøringane sin toppscorar med åtte mål.

Aalesund-trenar Trond Fredriksen

IMPONERT: Aalesund-trenar Trond Fredriksen er imponert over Kjetil Wæhler.

Foto: Christian Blom / NTB scanpix

Aalesund-trenar Trond Fredriksen lét seg imponere av jamaldrande Wæhler.

– Når vilkåra blir som i dag, så er Kjetil på det beste. Eg er stum av beundring over kor god han er i det som blir viktigast i dag – å forsvare målet, seier han og legg til:

– Han er like gammal som meg. Eg hadde ikkje klart å gjort det same, seier Fredriksen.

– Han er leiaren utpå der

Ser ein vekk frå Brann-kampen, der Wæhler måtte ut med skade, har ikkje Sogndal tapt ein einaste kamp med veteranen på bana.

– I dag såg han ut som den yngste. Ein spelar eg ikkje kan lovprise nok. Han er leiaren utpå der. Vi får vere glad så lenge vi har han på laget og held han skadefri inn mot Viking-kampen, seier Bakke.