Hopp til innhold

«Chidi»-perle gav Sogndal draumestart

Sist Sogndal slo Aalesunds FK på heimebane var låten «Macarena» ei landeplage.

Sogndal feirar Chidiebere Nwakali sitt mål.

FEIRAR: Chidibiebere Nwakali sette inn Sogndal sitt leiarmål på eit frispark frå 20 meter.

Foto: Christian Blom / NTB scanpix

I fjor knuste Sogndal sunnmøringane på bortebane, men ein må telje seg tilbake ni møte på Fosshaugane for å finne sist alle poenga vart att i Sogndal.

Laster innhold, vennligst vent..

Når laga møtes i kveld, skil det faktisk bere ei veke på å vere 21 år sidan Sogndal slo Aalesunds på heimebane.

Vi snakkar 1. divisjonskampen 23. juni 1996 – kampen der årdølen Frank Øyre scora det som av mange som er trekt fram som eitt av tidenes Sogndal-mål.

– Eg spelte faktisk den kampen sjølv, så det er vel på tide å gjere noko med den statistikken, seier Sogndal-trenar Eirik Bakke.

Sidan har fem kampar enda uavgjort, medan fire har enda i bortesiger.

Gjestene har spelt seg kraftig opp etter ein svak start på sesongen. Med berre to tap på 12 kampar har laget blanda seg inn i medaljekampen. Det er tidleg i sesongen og få poeng som skil, men på bortebane er det berre Rosenborg som har plukka meir enn Aalesund sine 11 poeng.

Det er like mange poeng som Sogndal har tatt på heimebane så langt i år.

– Det er eit tøft lag vi møter, men eg har trua. Vi har fått fleire spelarar tilbake frå skade, og eg trur vi skal klare å bryte den statistikken, seier Bakke.

Eirik Bakke

SPELTE SIST DEI VANN: Sist Sogndal slo Aalesund på heimebane, spelte trenar Eirik Bakke for heimelaget. Det var i 1996.

Foto: Sissel Rikheim / NRK

I Mustafa Abdellaoue har sunnmøringane ein av divisjonens storscorarar. Åtte scoringar gir over eitt halvt mål i snitt per kamp. Gilbert Koomson er Sogndal sin toppscorar med fem mål.

Kampen blir viktig for begge lag. Sogndal, som ikkje har vunne på fire forsøk, kan ta eit steg vekk frå nedrykksstriden, medan Aalesund for alvor kan blande seg inn i medaljekampen.

Det er selt fleire billetar enn vanleg til kampen, og arrangørane håpar på fulle tribunar. Snittet til Sogndal så langt i år er rett over 3000 tilskodarar.

– I beste fall håpar vi på opp mot 5000 menneske på Fosshaugane i kveld, seier arrangementsjef i Sogndal Geir Inge Heggestad.

Dei vil i alle fall få sjå Sogndal-spelar Kjetil Wæhler bli den eldste utespelaren i Eliteserien med sine 41 år og 107 dagar. Tidlegare Odd Grenland-spiss Frode Johnsen var 41 år og 103 dagar då han entra Åråsen som innbyttar 28. juni 2015.

SOGNDAL: Mathias Dyngeland, Taijo Teniste, Per-Magnus Steiring, Ulrik Fredriksen, Kjetil Wæhler, Chidiebere Nwakali, Gilbert Koomson, Lars Christian Kjemhus, Eirik Birkelund, Eirik Schulze, Martin Ramsland.

AALESUND: Andreas Lie, Mikkel Kirkeskov Andersen, Oddbjørn Lie, Kaj Ramsteijn, Adam Örn Arnarson, Daniel Schmidt, Fredrik Carlsen, Aron Thrandarson, Edwin Anane-Gyasi, Lars Veldwijk, Mostafa Abdellaoue.

Oppgjeret kan du også høyre direkte på NRK Sport

Laster innhold, vennligst vent..