Hopp til innhold

«Chidi» stal overskriftene frå eliteseriens eldste utespelar

SOGNDAL (NRK): Med eliteseriens eldste utespelar tilbake på bana måtte Aalesund returnere poenglause frå Sogndal – for første gang på 21 år.

Sogndal leiar 1-0 over Aalesund

JUBEL: Eliteseriens eldste spelar, Kjetil Wæhler (t.h.), jublar over frisparkmålet til Chidiebere Nwakali.

Foto: Christian Blom / NTB scanpix

Mot formlaget Aalesund var stopparkjempa Kjetil Wæhler tilbake som eliteseriens eldste utespelar med sine 41 år og 107 dagar.

Laster innhold, vennligst vent..

Men med kampens einaste mål og raude kort, var det heimelagets Chidiebere Nwakali som stal overskriftene.

Gjekk ut i 100

Chidiebere Nwakali gir Sogndal 1-0

PERLE: Chidiebere Nwakali gir Sogndal 1–0 frå 20 meter.

Foto: Christian Blom / NTB scanpix

Heimelaget, som ikkje hadde slått Aalesund på heimebane sidan 1996, tok kommando frå første spark og fekk den perfekte starten etter berre to minuttar då Chidiebere Nwakali plasserte eit frispark frå 20 meter i vinkelen.

Minuttar seinare var leigesoldaten frå Manchester City på nytt frampå, men avslutninga strauk AaFK-keeper Andreas Lie sin venstre stolpe.

Etter ti minuttar kunne Wæhler krona dagen med scoring, men stupheadinga til Gilbert Koomson sitt hjørnespark gjekk like utanfor mål. Minuttet seinare var «Chidi» på nytt frampå, men avslutninga gjekk rett på Lie.

Så vakna gjestene

Det første kvarteret var einvegskøyr mot Aalesund-målet, men etter kvarteret såg tabellfirarene ut til å vere over sjokkstarten. Men utan å skape dei store sjansane før Daniel Gretarsson var ei feberredning av Mathias Dyngeland frå å utlikne.

Etter vel halvtimen burde Gilbert Koomson sett sitt sjette mål for sesongen. Ein uegoistisk Eirik Schulze fann ghanesaren åleine med keeper, men 22-åringen lobba ballen elegant over ein utrusande Lie og nokre meter til side for mål.

Ny Sogndal-skade

Laga kom uendra frå garderoben til andre omgang. Og det gjekk berre minuttet før heimelaget var farleg frampå igjen, då Schulze testa reaksjonen til Lie med ei avslutning frå skrå vinkel.

Sogndal mista ei offensiv kraft då Taijo Teniste måtte ut med skade fem minuttar etter sidebyte. Inn kom 16-åringen Johan Hove som minuttar seinare vart vel overivrig med å avslutte i fullt driv mot Lie.

Direkte raudt kort

Like før timen spelt var målscorar Nwakali nær ved å doble leiinga. Upressa på 16 meter skaut han ballen skyhøgt over mål. Minuttar seinare hadde ein umarkert Schulze allverdas med tid på fem meter, men Lie fekk ei lett oppgåve med å redde.

Ti minuttar før full tid er Chidiebere på nytt farleg frampå. Frå 20 meter følgjer han heimepublikumet si oppmoding om å skyte. Lie må ut i full strekk nede ved stolpen for å hindre scoring.

I staden får han minuttet seinare direkte raudt kort etter ei takling.

Etter den dramatiske slutten fekk gjestene seks minuttar ekstra å utlikne på. Sogndal tok ut spissen Martin Ramsland og sette innpå nok ein stoppar i Espen Næss Lund.

Trass høgt spenningsnivå hos begge lag og amper stemning, stod Sogndal løpet ut.

Laster innhold, vennligst vent..