Hopp til innhold

– Vi kan ikkje leve med rasfaren

– Regjeringa gjer ikkje nok for å sikre folk som køyrer langs rasutsette vegar.

ras

FARLEG VEG: To gonger denne veka rasa det på fylkesvegen mellom Hyen i Gloppen og Storebru i Flora. No fryktar bygdefolket at det skal gå liv tapt.

Foto: Alf Erik Røyrvik

Åshild Kjelsnes valdebatt 2015

KREV PENGAR: Åshild Kjelsnes seier det vil koste 51 milliardar kroner å rassikre alle norske vegar.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Påstanden kjem frå Åshild Kjelsnes (Ap). Ho er fylkesvaraordførar i Sogn og Fjordane og leiar i den Nasjonale rassikringsgruppa der ni av fylka i landet er medlemmer.

Seinast denne veka rasa det to gonger på den svært utsette fylkesveg 615 mellom Hyen i Gloppen og Storebru i Flora. Tidlegare er denne vegen kåra til Noregs nest verste veg.

Edvin Hesjedal

REDD: Edvin Hesjedal fryktar det skal gå liv tapt om vegen han pendlar på ikkje vert rassikra.

Foto: PRIVAT

– Det er heilt forferdeleg. Eg sit med hjartet i halsen kvar dag, men eg må jo berre fortrenge det, sa Edvin Hesjedal til NRK etter onsdagens ras.

Kostar 51 milliardar kroner

Men Hesjedal og innbyggjarane i Hyen er i godt selskap. Ifølgje Kjelsnes syner dei nyaste utrekningane at det vil koste minst 51 milliardar kroner å sikre alle farlege punkt på norske vegar. Og då snakkar vi berre om dei punkta som har høg eller middels faregrad

Difor stod ikkje jubelen i taket hos Kjelsnes då lekkasjen frå neste års statsbudsjett kom om at Sogn og Fjordane får ein fjerdedel av den nasjonale rassikringspotten neste år. 208 millionar kroner.

– Sjølvsagt er vi glad for pengane vi har fått, men det er eigentleg småpengar i høve til det som er behovet, og kva vi bør kunne forvente at storsamfunnet stiller opp med.

– Vi klarer det i løpet av 12 år

– Eg synest det er trist at regjeringa ikkje tek det store nasjonale ansvaret og tek eit skippertak. Veldig mange av raspunkta kringom i landet er veldokumenterte, men dessverre druknar dei i mange andre store prosjekt og andre omsyn som må takast.

– Men er det realistisk å tru og håpe at Stortinget vil løyve 51 milliardar kroner til rassikring av vegane?

– I løpet av ein nasjonal transportplan-periode på 12 år bør ein klare det. Det er jo ikkje meir pengar ein eit av dei store bru- eller motorvegprosjekta åleine, medan pengar til rassikring vil hjelpe innbyggjarar over heile landet.

– Vil ta generasjonar

Kjelsnes peikar og på at klimaendringar vil auke rasfaren, og at vi seinast i haust har sett kva eit våtare klima fører til. Difor meiner ho det er ekstra viktig å auke løyvingane. Ho ønskjer at det vert laga ein nasjonal rassikringsplan som fjernar rasfaren i løpet av 12 år.

– Slik det er no vil det ta generasjonar å sikre alle vegane. Det kan vi ikkje godta.