Får ein fjerdedel av rassikrings-potten

Sogn og Fjordane får 208 millionar til rassikring på fylkesvegane i regjeringa sitt forslag til statsbudsjett for 2019.

Jenny Følling

NØGD: Sjølv om ho gjerne skulle hatt meir pengar til rassikring er fylkesordførar i Sogn og Fjordane, Jenny Følling (Sp), nøgd med det regjeringa sett av i statsbudsjettet.

Foto: Odd Helge Brugrand / NRK

– Sogn og Fjordane er det store rasfylket i landet, så at vi skal få ein stor del av denne rassikringspotten er forventa. Eg er glad for at desse pengane kjem i statsbudsjettet for vi har store og viktige prosjekt som skal i gang no, seier Jenny Følling, fylkesordførar i Sogn og Fjordane (Sp).

8. oktober vert regjeringa sitt forslag til statsbudsjett for 2019 lagt fram, men i ei pressemelding skriv dei at om lag to milliardar skal brukast på rassikring langs vegane. Nær 1,1 milliardar kroner går til skredsikring på riksvegane, medan fylkeskommunane får 800 millionar til fylkesvegane.

Oppstart i Stryn

Sogn og Fjordane får størst del av potten til rassikring på fylkesvegane med 208 millionar. Nærast følger Nordland med 105, Finnmark med 87 og Troms med 80 millionar. Hordaland og Møre og Romsdal får knappe 75 millionar.

– Vi kan berre tenke på dei siste vekene som har vore no med alle rasa som har gått. Det er noko ein lever med nesten dagleg på dei utsette vegstrekningane vi har. Eg er utruleg glad for den store løyvinga Sogn og Fjordane fylkeskommune får, seier Frida Melvær, stortingsrepresentant for Høgre.

I Sogn og Fjordane er det Flovegen i Stryn som står øvst på prioriteringslista.

– Med desse pengane får vi starta arbeidet der. Det er eit prosjekt til 800 millionar og så håpar vi på å få sett i gang andre prosjekt også, seier Følling.

Oppover på lista

Ei strekning som har vore mykje omtala dei siste dagane er fylkesveg 609 mellom Askvoll i Førde. Grunna fleire ras ved Hundsåna under uvêret i førre veke har vegen vore stengt i snart ei veke.

Ras ved Hundsåna

OFTE: Slike syn er ikkje uvant for dei som køyrer mellom Førde og Askvoll på fylkesveg 609 ved Hundsåna.

Foto: Marta Osland Lavik

– Med desse midlane kjem vi nærare oppstart på den strekninga. Den ligg inne i planen, men det står nokon framfor den. Det er ingen tvil om at det er ei strekning som treng utbetring, seier Følling.

Melvær var ordførar i Askvoll før ho enda opp på Stortinget og kjenner godt til problema som har vore på strekninga.

– Det er mange som pendlar der mellom Førde og Askvoll og eg håper det blir fortgang i utbetringa på den vegen, seier ho.

På riksvegane vil rassikringa mellom Vik og Vangsnes på riksveg 13 halde fram medan det vil bli oppstart på riksveg 5 i Kjøsnesfjorden i 2019.