Hopp til innhold

– Eg er gal som køyrer denne vegen, men eg må jo. Vegen tek livet av oss

Store steinblokker har for andre dag på rad rasa ned i vegen som er livsnerven for innbyggjarane langs «Norges nest verste veg». Folk er livredde.

ras

OVER TO METER: Denne steinen på over to meter rasa ut i vegbana på rasutsette fylkesveg 615 ved strekninga langs Hopsstranda i Sogn og Fjordane.

Foto: Alf Erik Røyrvik

– Det er heilt forferdeleg. Eg sit med hjartet i halsen kvar dag, men eg må jo berre fortrenge det, seier Edvin Hesjedal.

Edvin Hesjedal

KOM SEG PÅ JOBB: Edvin Hesjedal måtte bruke fire timar på å komme seg på jobb.

Foto: PRIVAT

Først rasa det på onsdag, så rasa det på nytt torsdag på fylkesveg 615 mellom Hyen og Storebru.

For andre dag på rad må brukarane av vegen legge om alle planar. Ungane kjem seg ikkje på skulen, andre kjem seg ikkje på jobb. Mange lurer på kva som skjuler seg oppe i fjellsida, når svære steinar kan rase ned på same stad, berre eit knapt døgn etter førre ras.

Hesjedal må kvar einaste kvardag sette seg i bilen og køyre frå Eikefjord til Hyen for å komme seg på jobb. Torsdag er vegen stengt igjen og pendlaren måtte bruke fire timar på å nå fram til kontoret sitt. Rasfaren gjer at vegen er stengt fram til fredag.

– Eg er gal som køyrer denne vegen, men eg må jo. Vegen tek livet av oss. Eg fryktar det må gå eit liv før det blir gjort noko.

Over fleire år har det vore både større og mindre ras på vegen. Ola Jan Birkeland er i brann- og redningstenesta, og ventar i frykt på at det ein dag skal skje noko alvorleg.

– Det gjer noko med livskvaliteten din. Det verste som kan skje er at du blir plukka opp som ei flat kjøtkake. Eg går med ei frykt for at vi må plukke opp restane etter dei vi kjenner og har nær, seier Birkeland.

– Vi flytta fordi vi ikkje ville satse liv og helse

I NRK si kåring av «Noregs verste veg» blei fv. 615 mellom Hyen og Storebru kåra til den nest verste vegen i Noreg. Det er ingen tvil om at vegstandaren er dårleg. Gambling med liv og helse ved å køyre på vegen gjorde at familien Sæterlid flytta frå heimgarden.

– Vi flytta fordi vi ikkje ville satse liv og helse, verken for oss vaksne eller ungane, sa Per Arne Sæterlid til NRK før kåringa.

Anne Berit Selle og familien køyrer ikkje på vegen viss dei absolutt ikkje må.

– Når det er dårleg vêr, så prøver vi å halde oss heime, seier ho.

I vekedagane blir ungane sendt med skulebussen på den svingete, ujamne og rasfarlege vegen. Til vanleg tenkjer ikkje Selle på kva som kan skje, men dei siste dagane har gjort ho uroa.

– Eg blir litt redd for å sende ungane på skulen når det har gått to ras, seier Selle.

SJÅ VIDEO: Her kan du sjå video av korleis det er å køyre på fylkesveg 615.