Hopp til innhold

– Vi hadde heile tida eit håp om at fornufta skulle vinne

Styreleiaren felte gledestårer då han fekk vite at asylmottaket i Florø får bestå. UDI seier dei ser fram til vidare samarbeid med Flora kommune, men at det kan kome fleire nedleggingar.

Nye Solbakken Asylmottak

NYE LOKALE: Biletet er frå det nye kontor- og aktivitetshuset som Solbakken Asylmottak skal flytte inn i 25. september i år. I dag er det unison glede blant kommuneleiing og tilsette ved mottaket fordi drifting av asylmottak likevel får halde fram i Flora kommune.

Foto: Arild Melvær

– Eg er veldig glad og letta. No synest eg vi skal få lov til å gjere det vi skal gjere, nemleg å sjå framover og jobbe vidare, seier styreleiar i kommunalt føretak, Innvandrarsenteret i Florø, Ronny Cassels.

Ronny Cassels

TÅRER: Styreleiar i Innvandrarsenteret i Florø, Ronny Cassels, seier han måtte felle nokre tårer då han fekk høyre at Solbakken får bestå som asylmottak.

Foto: Wilhelm Støylen / NRK

Han seier det er mage som fortener takk etter at regjeringa skar igjennom og snudde om på UDI sitt vedtak om å legge ned asylmottaket i Florø.

– Eg vil takke alle som har bidrege til at dette har vore mogleg å få til.

– kven er det?

– Eg kan ikkje kome på nokon som ikkje har vore viktig. Vi har jobba godt i lag tverrpolitisk i kommunen. Ordførar, rådmann og heile det politiske miljøet i kommunen har vore med, seier Cassels.

Kan bli fleire nedleggingar i region Vest

Stig Arne Thune

UVANLEG: Regiondirektør i UDI region Vest, Stig Arne Thune, seier det er uvanleg at regjeringa går inn og gjer om ei avgjerd som alt er fatta av UDI, men at han uansett synest det er uproblematisk då han sjølv er ein byråkrat som følgjer opp politiske vedtak.

Foto: Nora Lie

– Når vedtaket er gjort ser vi fram til vidare samarbeid med Flora kommune og Solbakken asylmottak, seier regiondirektør i UDI region Vest, Stig Arne Thune.

– Tenker de no langsiktig i Florø?

– Det er jo vanskeleg i denne bransjen. Det er utruleg få asylsøkarar som kjem til landet no samanlikna med i 2015. Nedgangen var på heile 27 000 personar frå 2015 til 2016. Og om dette held fram, ser eg ikkje bort frå at det kan bli fleire nedleggingar i region Vest, seier Thune.

Solbakken asylmottak i Florø

HELD FRAM: Solbakken Asylmottak får halde fram drifta trass i at UDI hadde bestemt å legge det ned.

Foto: Ottar Starheim / NRK

Lite imponert over UDI

– Eg er ikkje imponert over UDI. Dei tok aldri kontakt med oss før vi fekk vite at dei hadde bestemt seg for å legge ned mottaket, seier styreleiar Ronny Cassels.

Han har følgjande råd til UDI når dei skal vurdere framtidige nedleggingar:

– Eg vil be UDI innstendig om å sette litt ressursar inn i å ha dialog med dei kommunane og operatørane det gjeld når dei vurderer nedleggingar. Det kan vere ting ute i kommunane som UDI ikkje er klar over når dei sit og jobbar på kontoret sitt.

Meiner vedtaket om nedlegging var velfundert

Regiondirektør i UDI region Vest, Stig Arne Thune seier det no berre finst gode mottak i fylket og at det no reverserte nedleggingsvedtaket deira var velfundert.

– Vi har generelt for mange ledige asylplassar i mottak rundt om kring. Vurderinga om å legge ned i Florø var gjort ut frå ei heilskapsvurdering av både beredskap, pris, kvalitet i forhold til andre driftsoperatørar, seier Thune.

Styreleiar i Innvandrarsenteret i Florø, Ronny Cassels seier han måtte felle nokre tårer då beskjeden om at mottaket får bestå kom.

– Det såg veldig stygt ut. Vi er vane med at store, tunge, byråkratiske institusjonar er vanskeleg å snu. Ei lita stund hadde vi ikkje mykje tru på at dette skulle vere mogleg å reversere. Men vi hadde heile tida eit håp om at fornufta skulle sigre.