Hopp til innhold

Listhaug vil setje menneskerettane til side

Innvandrings- og integreringsminister Sylvi Listhaug (Frp) meiner menneskerettane til asylsøkjarar må vike for å sikre tryggleiken til det norske folk. – Avleiingsmanøver, meiner SV.

Sylvi Listhaug

Innvandrings- og integreringsminister Sylvi Listhaug (Frp) er klar over at lukka mottak for asylsøkjarar truleg strider med internasjonale menneskerettskonvensjonar. No tek ho til orde for å setje menneskerettskonvensjonane til side.

Foto: NRK

Framstegspartiet og Sylvi Listhaug har ei rekkje gonger tatt til orde for å sende asylsøkjarar på lukka mottak, dersom dei ikkje reiser frivillig ut av landet etter avslag,

Internasjonale menneskerettskonvensjonar kan derimot stå i vegen for Listhaug og Frp.

No meiner Listhaug at menneskerettskonvensjonane må vike.

– Eg meiner vi bør utfordre desse konvensjonane. Først og fremst den europeiske menneskerettskonvensjonen er utfordrande for moglegheitene kvart enkelt land har til å vareta eigne borgarar, seier Listhaug til NRK.

– Må ta i bruk nye verkemiddel

Terrorangrepa den seinaste tida, som i Barcelona og Finland, er del av eit større bakteppe. Sidan januar 2015 er 564 personar drepne i terror i Europa. Dei fleste angrepa er utført av personar med band til IS.

– Dette er personar som rett og slett ... deira eige liv betyr ikkje noko for dei. Dei drep seg sjølve og andre. I møte med dette må vi ta i bruk nye verkemiddel, og då er eitt verkemiddel å sørge for å ha kontroll over kven som er i Noreg. ​

Akkurat no er det om lag 1600 personar i norske asylmottak, som skulle ha reist ut av landet fordi dei har fått nei på asylsøknaden, men likevel ikkje har reist. Desse menneska vil Listhaug og Framstegspartiet sperre inne i lukka mottak.

– Dei sit sjølve på nøkkelen til å kunne reise heim. I veldig mange tilfelle der vi ikkje får returnert folk, er det fordi dei ikkje samarbeider med norske styresmakter.

I tillegg er det asylsøkjarar i Noreg der det er uvisse knytt til om dei har gjeve frå seg rett identitet. Berre 14 prosent av dei som har søkt asyl i år, har levert frå seg passet sitt.

Asylsøkjarar med usikker identitet bør også fengslast, meiner Listhaug.

Nestleder i SV Nordland

Nestleiar Snorre Valen i SV omtalar forslaget til Listhaug som useriøst.

Foto: BENJAMIN FREDRIKSEN / NRK

SV: – Useriøst

Forslaget til Listhaug møter lett vantru hos politiske motstandarar. Nestleiar Snorre Valen i SV meiner at det faktum at forslaget om lukka mottak kan stride med menneskerettane, burde vere nok til å legge tanken død.

– Dette er eit så useriøst forslag at det ikkje er verdt verken veljarane si tid eller vår tid, seier ein tydeleg Valen.

Han synest det er utruleg kor langt Frp vil gå for å «sleppe å prate om dei aukande forskjellane i rikdom og makt i Noreg».

– Dette er berre ein avleiingsmanøver, meiner Valen.

Venstre-leiar Trine Skei Grande meiner det å senke nivået på menneskerettane er heilt feil veg å gå.

– Dette er verdiane vi byggjer heile samfunnet vårt på. Vi må heller hegne om dei verdiane, enn å utfordre dei i kamp mot dei totalitære tankane, meiner Skei Grande.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger