Hopp til innhold

– Total forakt mot lokale folkevalde

Den tidlegare kommunalministeren lovar skilsmisse for Bremanger kommune som kan bli landets siste tvangskommune.

Lokalpolitikarar fortvilar, folk er oppgitte og rikspolitikarane lovar skilsmisse. I dag gjekk Fylkesmannen inn for at Bremanger bør tvingast saman med naboane Flora og Vågsøy.

SJÅ SAK FRÅ VESTLANDSREVYEN: Her kan du sjå saka frå Vestlandsrevyen om at Fylkesmannen i Sogn og Fjordane vil bruke tvang for å slå saman Bremanger med Flora og Vågsøy.

– Dette er total forakt mot lokale folkevalde. Ein argumenterer for at det er lang avstand mellom Flora og Vågsøy, men avstanden vert ikkje mindre om ein tek med Bremanger. Avstanden vert nøyaktig like stor, seier Liv Signe Navarsete frå Senterpartiet.

Ho likar ikkje at Fylkesmannen i Sogn og Fjordane vil tvinge Bremanger saman med naboane. Flora og Vågsøy har sagt ja til å slå seg saman, men midt i mellom ligg Bremanger som seier nei.

Til hausten er det stortingsval. Då varslar Navarsete omkamp om det vert regjeringsskifte.

– Det lovar eg. Viss vi får makt etter valet, så har både Senterpartiet og Arbeidarpartiet sagt at vi vil reversere tvangssamanslåing om kommunen sjølv vil. Viss Bremanger kommune ynskjer det, så skal vi stogge dette, seier ho.

Likar dårleg lovnad om skilsmisse

Britt Dalsbotten er stortingskandidat for Framstegspartiet, og kjem sjølv frå Bremanger kommune. Ho likar dårleg at Navarsete lokkar med skilsmisse.

Britt Dalsbotten

UKLOKT: Det seier stortingskandidat, Britt Dalsbotten (Frp), om Liv Signe Navarsete (Sp) sin lovnad om skilsmisse for Bremanger kommune.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

– Eg tykkjer det er uklokt, då denne samanslåinga er fornuftig. Kinn blir ei slagkraftig kystkommune som blir ei motvekt til resten av fylket. Bremanger blir for små aleine. Eg trur fleire har endra meining etter kommunestyret sitt vedtak.

Fylkesmann Anne Karin Hamre har sagt at ein storkommune kan utløyse eit potensial for kysten.

– Skal det i framtida byggjast og utviklast ein føremålstenleg og slagkraftig ny og større kommune på kysten av Sogn og Fjordane, må òg Bremanger vere med, seier Hamre.

Dalsbotten er samd med fylkesmannen som meiner det er rett å rå til tvang.

– Argumentasjonen frå fylkesmannen er god. Bremanger har meir å vinne enn tape.

Kinn kommune

– Her skal ein slå saman for ein kvar pris

Det blir no opp til Stortinget å avgjere saka. Navarsete likar dårleg argumentasjonen som fylkesmannen la fram for tvangssamanslåing.

– Det er synsing frå fylkesmannen. Argumentasjonen er tynn og gjennomsiktig. Her skal ein slå saman for ein kvar pris. Mitt råd til Bremanger er å sitte stille i båten. Fylkesmannen og regjeringa får styre med sitt, så får heller folket sei sitt til hausten, seier Navarsete.

Liv Signe Navarsete

GÅR INN FOR Å STOGGE TVANG: Liv Signe Navarsete og Senterpartiet lovar at dei skal stogge tvangsekteskapet mellom Bremanger saman med Flora og Vågsøy. Om dei kjem til makta etter stortingsvalet.

Foto: ASGEIR HEIMDAL REKSNES / NRK