Hopp til innhold

– Diktatur i staden for demokrati

SVELGEN (NRK): Fleire i Bremanger kommune likar dårleg tvangstrøya frå fylkesmannen. Nokre kallar det for diktatur.

Magne Strømmen

ELLES TAKK: Det er den klare meldinga frå Magne Strømmen i Bremanger kommune, etter at fylkesmannen meiner at kommunen bør bli ein del av Kinn kommune.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

– Dette er ikkje brukande. Vi har det godt som vi har det. Fylkesmannen må meine det ho vil, men når vi folket meiner noko anna så bør det gjelde. Bortsett frå Vågsøy, som ikkje brydde seg om folkemeininga. Då blir det diktatur i staden for demokrati, seier Magne Strømmen.

Fylkesmann Anne Karin Hamre tilrår at Bremanger vert ein del av Kinn kommune, saman med Flora og Vågsøy.

Dermed kan det gå mot at Bremanger, mot sin vilje, vert ein del av storkommunen. Det likar fleire i kommunen med nær 4000 innbyggjarar dårleg.

– Eg meiner det er heilt idiotisk. Vi klarar oss godt åleine, seier Siv Beate Myklebust.

Siv Beate Myklebust

VIL HELLER VERE ÅLEINE: Siv Beate Myklebust er ein av dei som meiner Bremanger kommune har det best åleine.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Flora-ordførar meiner det er til det beste for kysten

Både Flora og Vågsøy har gjort det klart at dei ville ha med seg Bremanger i Kinn kommune.

– Skal vi berre lytte til Bremanger sine behov? Eller skal vi lytte meir til innbyggjarane i Flora, Vågsøy og kysten? Vi valde det siste. Det trur vi vil skape sterkare næringsliv, betre tenester og vekst i folketal. Noko som vil styrke alle tre kommunane og kysten, seier Flora-ordførar, Ola Teigen (Ap).

Dei gifteklare naboane Vågsøy og Flora sa ja til å bli eitt, trass i at Bremanger ligg midt mellom.

– For min del har eg jobba for å få Bremanger med i ein slagkraftig kystkommune. Kysten her i fylket har hatt ei svak utvikling, så det er riktig at kommunane på kysten samlar og rustar seg. Flora, Vågsøy og Bremanger må gå i front for dette, seier Teigen.

Lokalpolitikarar fortvilar, folk er oppgitte og rikspolitikarane lovar skilsmisse. I dag gjekk Fylkesmannen inn for at Bremanger bør tvingast saman med naboane Flora og Vågsøy.

SJÅ VIDEO: Sjå sak frå Vestlandsrevyen om at Fylkesmannen i Sogn og Fjordane vil tvinge Bremanger med i Kinn kommune.

– Eg er usikker på om vi har noko anna val

I kommunesenteret Svelgen var stemninga amper hjå fleire etter Fylkesmannen si avgjerd. Andre trur på si side at Bremanger ikkje har noko anna val enn å slå seg saman med kystnaboane i framtida.

– Vi som bur her i Svelgen har ikkje særleg tilhøyrsle korkje til Florø eller Måløy. Vi er kanskje i Florø og handlar litt, det er det heile. Vi ser at Florø har sine utfordringar, vi treng ikkje dei, seier Oddgeir Sande.

– Likevel meiner du at det kan vere fornuftig at Bremanger blir ein del av storkommunen?

– Det kan vere det i framtida, og eg er usikker på om vi har noko val, seier han.

Vågsøy og Flora har i avtalen gått inn for delt kommunesenter. I Svelgen tar nokre til orde for kommunesenter i Svelgen.

– Dersom det blir samanslåing av Flora, Bremanger og Vågsøy er Svelgen eit naturleg kommunesenter. Skal du ha ein god motor nyttar det ikkje å sette aksen i enden av ein kommune, seier Asle Førde.

Asle Førde

VIL HA KOMMUNESENTER I SVELGEN: Skulle Bremanger bli ein del av Kinn kommune, så meiner Asle Førde at kommunesenteret bør ligge i Svelgen.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK