Hopp til innhold

Fylkesmannen tilrår å tvinge Bremanger

Fylkesmannen tilrår å tvinge Bremanger inn i storkommunen på kysten.

Audun Åge Røys, ordførar i Bremanger

TVANG: Ordførarar i Bremanger Audun Åge Røys er i ferd med å bli tvinga inn i Kinn kommune.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

– Vi har fått melding om at Fylkesmannen går inn for å slå saman Vågsøy, Bremanger og Flora med tvang. Det likar vi ikkje, vi har eit vedtak om at vi ynskjer å stå åleine, seier ordførar i Bremanger Audun Åge Røys (H).

Ordføraren fekk meldinga under eit telefonmøte med fylkesmann Anne Karin Hamre i dag. Frå før har Vågsøy og Flora gjort vedtak om å slå seg saman, men Bremanger ligg i midten, og det har vore knytt spenning til kva tilråding Fylkesmannen ville kome med.

Tilrår tvang

Fylkesmann Anne Karin Hamre

TILRÅR TVANG: Fylkesmann Anne Karin Hamre.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Fylkesmann Anne Karin Hamre meiner det er rett å rå til tvang mot Bremanger.

– Vågsøy og Flora åleine vil berre delvis oppfylle måla for reforma, og dei kriteria ein har for ein god kommunestruktur. Det er vanskeleg å drive tenesteproduksjon og ha heilskapleg planlegging og utvikling med så stort areal i mellom seg som Bremanger utgjer, seier Hamre.

Det blir no opp til Stortinget å avgjere saka. Hamre meiner ein storkommune kan utløyse eit potensial for kysten.

– Skal det i framtida byggjast og utviklast ein føremålstenleg og slagkraftig ny og større kommune på kysten av Sogn og Fjordane, må òg Bremanger vere med, seier Hamre.

– Eit uheldig press frå nabokommunane

Audun Åge Røys meiner Bremanger er blitt utsett for eit uheldig press frå nabokommunane.

– Vi kjenner oss heilt klart utsett for press frå nabokommunane, det ligg litt i korta at dei har ynskt oss med mot vår vilje. No ser vi resultatet.

Er dette nabokommunane si skuld?

– Til sjuande og sist. Det er eit dårleg utgangspunkt for ei vellukka samanslåing, det er det eg vil seie om det. Det blir krevjande om Stortinget let dette bli ståande, seier Røys.

Bremanger har store inntekter frå kraftanlegg og smelteverk. Kommunen med nær 4000 innbyggarar har slite med stor gjeld etter Terra-skandalen, men gjelda er snart borte og lokalsamfunnet har sett fram til ei framtid med langt lysare kommuneøkonomi.

Kinn kommune

Vil ikkje gi opp sjølvstende

Audun Åge Røys seier kommunen ikkje vil gi opp sjølvstendet sitt utan kamp.

– Ikkje i fyrste omgang, vi vil bruke argumenta våre opp mot Stortinget som skal avgjere dette til sist. Vi er ein spesiell kommune med avstandar og geografi som gjer dette vanskeleg.

Audun Åge Røys er personleg tilhengar av ein storkommune der Bremanger er med, men avviser at han inst inne er nøgd:

– Nei, det kan eg ikkje seie. Å bruke tvang synest eg ikkje noko om. Det hadde vore betre å forhandle på fritt grunnlag, og bygd ein stor kommune over litt tid. Det hadde tent innbyggarane både i Bremanger og nabokommunane. Eg vil rå Sanner til å ikkje la dette bli noko av.