Hopp til innhold

– Kan bli vanskeleg å finne ein kjøpar

Transportforskar Gisle Solvoll trur Sogn og Fjordane fylkeskommune vil slite med å finne ein kjøpar til Fjord1.

M/F Svanøy

KAN TA TID: Gisle Solvoll trur det vil ta tid for fylkeskommunen å finne ein kjøpar til Fjord1.

Foto: Fjord 1 Fylkesbaatane

– Sidan Torghatten fekk nei av konkurransetilsynet så trur eg også andre store transportselskap, slik som Norled, vil få nei. Så det å finne ein kjøpar kan fort bli utfordrande, meiner Solvoll.

Gisle Solvoll

VANSKELEG: Det vil bli vanskeleg å finne ein kvalifisert kjøpar til Fjord1 som konkurransetilsynet kan godta.

Foto: Vilde Bratland Erikstad / NRK

Våren 2015 forsøkte Fjord 1 å fusjonere med Norled, men det vart ikkje noko av. Det siste året har fylkeskommunen forsøkt å selje aksjeposten sin i selskapet.

Det vart realisert i november 2015 då fylkestinget vedtok å selje Fjord1 til Torghatten. Då dette salet vart stogga av konkurransetilsynet, trur Solvoll at prosessen blir komplisert.

– Det må vere nokon som har kompetanse og pengar, men samtidig må dei vere akseptable for konkurransetilsynet. Dette kan vere problematisk, då det inneber at store transportselskap, iallfall innan ferjedrift, er uaktuelle.

Kan ta tid

– Konkurransetilsynet har vel vurdert at konkurransen blir for dårleg dersom Torghatten får kjøpe Fjord 1. Så har Torghatten funne ut at dei ikkje kjem nokon veg med å anke. Slik var det heilt naturleg at ingen av partane valde å gå vidare med saka, seier Solvoll

Det har vore mykje usemje og splitting i fylkeskommunen etter at det vart bestemt å selje aksjane i Fjord1, Solvoll trur fylkeskommunen må ta tida til hjelp.

– Det har vore mykje turbulens rundt salet som no vart stoppa, så eg trur dei no må gå i tenkjeboksen og finne ut kva dei vil med selskapet. Eg trur det kan bli vanskeleg å få til eit sal på kort sikt, så det kan hende ein må bruke litt tid på å selje.

Samansett grunnlag

Brynjar Forbergskog

AVSLUTTAR SAKA: Forbergskog seier dei i Torghatten slik det ser ut ikkje vil forfølgje eit kjøp av Fjord1 vidare.

Foto: Hildegunn Tjøsvoll / Avisa Nordland

Då konkurransetilsynet nekta fylkeskommunen å selje selskapet til Torghatten fekk partane femten dagar til å klage på avgjerda. Fristen gjekk ut i dag, men i går vart det klart at ingen av partane ville anke avgjerda.

Administrerande direktør i Torghatten, Brynjar Forbergskog, seier at det er mange grunnar til at dei vel å ikkje anke.

– Vi har sett på saka ut ifrå våre eigne og Konkurransetilsynet sine vurderingar, og etter ei totalvurdering har vi kome fram til at vi ikkje anker. Så slik det ser ut i dag kjem vi til å droppe kjøpsplanane.

Vil til Vestlandet

Sjølv om kjøpet av Fjord1 ikkje vart noko av, kan det likevel hende ein får sjå Torghatten sine logoar på Vestlandet i åra som kjem, trur transportforska Gisle Solvoll.

– Eg veit at leiinga i Torghatten svært gjerne vil skape seg eit fotfeste på Vestlandet. Når dei no mislukkast med oppkjøpet av Fjord1, må dei skaffe seg det gjennom å vinne anbodsrundar. Så vi får sjå kva som skjer når det blir lyst ut nye anbod framover.