– Det er klart vi er interesserte i å snakke om dette, seier Sævik til NRK.
I dag blei det kjent at verken Torghatten eller Sogn og Fjordane fylkeskommune ankar Konkurransetilsynet si avgjerd om å nekte Torghatten å kjøpe aksjar i ferjeselskapet. Sogn og Fjordane fylkeskommune er hovudeigar i selskapet.
Torghatten og fylkeskommunen var samde om eit sal, men tilsynet sa nei, fordi dei meinte dette ville gjere Torghatten for dominerande i den norske ferjemarknaden.
Varsla rettsak
Sævik har tidlegera varsla rettsak fordi han meiner selskapet hans har forkjøpsrett til aksjane. Havilafjord eig i dag 41 prosent av aksjane i Fjord1. Saka skal for retten 29. august.
Til Sunnmørsposten seier Jenny Følling i dag at dei gjerne vil ha samtalar med Havilafjord. Det er ein invitasjon Sævik gjerne takkar ja til.
– Det er jo viktig for oss å sjå om det er eit grunnlag for å unngå rettsak.
– Kva skal til for at de unngår ein rettsak?
– Det er at vi får høve til å forhandle med dei på basis av buda vi og Torghatten leverte i fjor haust og sjå om det er mogleg å finne ei løysing langs dei linjene.