Hopp til innhold

Legg Fjord1-salet daudt

Torghatten har bestemt seg for ikkje å anke Konkurransetilsynet sitt forbod mot Fjord1-kjøpet. Dermed blir det ikkje noko av salet av det tradisjonsrike reiarlaget.

Fjord1-ferje på Sognefjorden

BLIR I SOGN OG FJORDANE: Fjord1 blir verande på Sogn og Fjordane fylkeskommune sine hender. Dei eig selskapet saman med minioritetseigar Havilafjord AS.

Foto: Anna Gytri / NRK

Det vart klart på fylkesutvalsmøtet til majoritetseigar i Fjord1, Sogn og Fjordane fylkeskommune, tidleg onsdag ettermiddag.

Jenny Følling i fylkesutvalsmøte 03.08.16

SAMRØYSTES: Eit felles fylkesutval, der dei fremste politikarane i fylket sit, har i dag samrøystes bestemt seg for ikkje å anke Konkurransetilsynet sitt forbod mot sal. Her er Jenny Følling, fylkesordførar.

Foto: Mattias Rolighed Bergset / NRK

Konkurransetilsynet la 14. juli i år ned forbod mot at Torghatten fekk kjøpe eigardelar i Fjord1. Grunngjevinga var at dette ville medføre ei svekking av konkurransen i bransjen.

Torghatten signaliserte då tydeleg at dei var skuffa over konklusjonen til Konkurransetilsynet. No har det kome ei endeleg avgjerd i saka.

– Vi har i dag diskutert Konkurransetilsynet sitt vedtak og avgjerd. Fylkesutvalet har samrøystes kome fram til at vi tek det til vitande og etter ei heilskapsvurdering har vi kome til at vi ikkje kjem til å klage på dette vedtaket. Vi er også blitt informert om at Torghatten kjem til å ta same standpunkt, det seier fylkesordførar Jenny Følling (Sp) i Sogn og Fjordane.

Administrande direktør i Torghatten ASA, Brynjar Forbergskog, er ordknapp etter at saka no er heilt over.

– Vi har foretatt ein heilheitsvurdering og vi er ikkje innstilt på å ta saka vidare, og eg ser at fylkesutvalet har kome til same konklusjon, seier han til NRK.

Svært omdiskutert salsprosess

Det var i november i fjor at fylkestinget i Sogn og Fjordane, som er majoritetseigar i Fjord1, med knapt fleirtal vedtok å selje aksjane sine i Fjord1 til Torghatten. Både sjølve salet og salsprosessen var svært omdiskutert, både blant politikarar og folk flest.

Mindretalet i fylkestinget rasa mot fleirtalsvedtaket, som vart klaga inn til Konkurransetilsynet. Tidlegare i sommar la dei ned forbod mot oppkjøpet, og ingen av partane vil altså anke denne avgjerda.

Dermed er det altså klart at salet ikkje blir noko av.

Fjord1 hadde i 2014 ein omsetnad på 2,3 milliardar kroner. Selskapet er eigd av Sogn og Fjordane fylkeskommune som sit med 59 prosent av aksjane gjennom holdingselskapet F1 Holding AS. Dei resterande 41 prosentane er eigd av Havilafjord AS.

Nye diskusjonar i vente

På spørsmål om kva fylkeskommunen vil gjere vidare med sin eigardel av Fjord1, svarar fylkesordførar Jenny Følling slik.

– No er denne avtalen avslutta. Vi har også diskutert alternative løysingar og det er ein prosess som vil gå framover. Vi skal ha eit nytt møte i fylkesutvalet den 9. august, seier ho.

– Kva alternative løysingar har de diskutert?

– Det kan eg ikkje gå inn på. Det er diskusjonar som enno på går i fylkesutvalet. Eg vil kome med meir informasjon når vi har diskutert kva som kan vere aktuelt.

Pål W. Lorentzen og Hilmar Høl

NØGDE: Både Pål Lorentzen (til venstre) og Hilmar Høl er nøgde med vedtaka som er gjort i dag om å ikkje anke Konkurransetilsynet sitt forbod mot sal av Fjord1.

Foto: Mattis Rolighet Bergset / NRK

– God løysing for Fjord1

Pål Lorentzen har sidan desember i fjor vore styreleiar i Fjord1, etter at fleire av styremedlemmene, inkludert styreleiar Reidar Sandal, trekte seg. Han var med på heile møtet i fylkesutvalet i dag.

– Eg trur avgjerda Torghatten og fylkeskommunen i dag har teke er ei god løysing sett frå selskapet si side. Dette fordi det kan vere med å skape ro i selskapet. Det at ein slepp meir diskusjonar i forhold til Konkurransetilsynet, det trur eg er eit gode for Fjord1, seier han til NRK.no.

Han seier tida etter salet i november har vore ei problematisk tid for selskapet.

– Det har vore ei åtte månader lang unntakstilstand på mange måtar, fordi det er to eigarar som er i rettsleg konflikt med kvarandre. Det har ikkje vore ei enkel situasjon.

– Vi har kanskje det viktigaste året vårt i 2016, med mange store anbod, så dette har ikkje vore ei heilt enkelt sak å handtere, seier Lorentzen.

– Viktig at vi samla oss om felles vedtak

Arbeidarpartipolitikar Hilmar Høl var ein av dei sterkaste motstandarane av salet. Han var ein av dei 15 som stemte mot salet, då fleirtalet, på 16 representantar i fylkestinget stemte for.

I dag har dei fremste politikarane i fylket, fylkesutvalet, bestemt seg for ikkje å anke Konkurransetilsynet sitt forbod mot salet.

– Eg synest det er veldig trygt at vi som eit felles fylkesutvalet kjem fram til at vi ikkje ankar vedtaket til Konkurransetilsynet, og at vi no prøver å forme ein veg vidare i fellesskap.

Høl vil ikkje gå inn i detaljane om kva vegen vidare er, men seier det står om å gå vidare i ein salsprosess eller å halde fram som eigar.

– Beklageleg for Fjord1

Høl seier vidare at saka har gått svært lenge utan ei avklaring, og at dette er viktig på fleire måtar. Han beklagar at Fjord1 har måtte gå lenge i uvissa dei siste åtte månadane.

– Eg håpar dei no får den roa dei treng framover og får gjere det viktige arbeidet dei skal inn mot anbodsprosessane. For oss politikarar er det viktig at vi no har samla oss om eit felles vedtak.

– Kan ein no jobbe i lag framover?

– Dette vedtaket er for meg eit signal om at vi ikkje lenger er splitta. Vi jobbar i felles front for å oppnå det beste for selskapet og fylkeskommunen, seier Ap-politikaren.